Fiskefella vert vidareført
Etter at den treårige pilotperioden i regi av Fiskeridirektoratet no er over , er det no avklart at felleprosjektet vert vidareført i regi av Havforskningsinstituttet.
Paal
fredag 01.april 2016 / 13:25
HI ynskjer å vidareutvikla det nasjonale pilotprosjektet til eit nasjonalt forskningsprosjekt. Fylkesmannen har no godkjendt ei vidareføring på visse vilkår.
Så snart dei siste formalitetar er på plass vert fella montert.
Elveigarlaget meiner det er avgjerande viktig å halda rømd oppdrettslaks borte frå elva , og at ei fiskefelle er den beste metoden. I tillegg får me masse viktig og nyttig informasjon til bruk i forvaltninga av fiskeresursane i elva vår.