Ung fiskar langs elva
Stemningsbilde frå Open fiskedag 6/9-25

Villaksens dag - Open fiskedag 6/9-25

Målgruppe:

Dei som ikkje har prøvd fiske i Daleelva og som ynskjer å prøve seg, både unge og gamle.

IngeS

Vi gjennomførte Villaksens dag - Open fiskedag for 6/9-25.

Veldig godt oppmøte frå barn og ungdomar, totalt 64 prøvde fiskelykka frå kl 1200 til 1500. Fint ver og passe vassføring i elva. God omsetning på kiosken.

 

Fangst:

Barn under 16 år:

Lukas Klyve sjøaure 0,57 kg, den var merka av DJF og fanga i smoltfella.  (Vinnar av idealvekt, den av barna som kom nærmast  vekta på 1,3 kg) premien var ei fiskestong gitt av Pettersen Handleri ved Stian Jordal)

Aurora Løland sjøaure 0,55 kg

 

Vaksen.

Lars Bakke fettfinneklipt laks 2,62 kg den var merka og stamma frå klekkeriet til DJF og ein villaks 1,48 kg

Tomas Breivik villaks 1,82 kg

 

Utlodding av 5 stk laks (frosset og rund) og 6 vakuumpakka røykelaks, til inntekt for drift av Daleelva.

 

Fiske frå kl 1700 fram til midnatt var open for alle mot registering. Totalt var det påmeldt 21 personer til å fiske ut dagen.

 

Ei vellykka tilstelling.