Eidselva Laks
Vebjørn Skrede med flott laks i Eidselva

Sportsfiskelaget 2022

Vi sel kort på følgjande soner i sesongen 2022

HenningAndreasLangeland
Torsdag 17.mars 2022 / 15:42

Staten

Eid Sportsfiskelag leiger ut 4 stenger i døgnet. Det seljast både døgn- og halvdøgnskort hjå Chatlet Sport AS.

Sona er 1000 meter lang, og ligg på nordsida av elva. Valdet er det siste før sjøen. Elva er delvis stilleflytande, og kan bli påverka av floa så langt som til Skipenesbrua. Fiskeplassen ved Skipenesbrua vert kalla ”Bruhølen”, og er truleg den beste hølen på Staten.

___________________________________________________________________

Stokkenes

Eid Sportsfiskelag leiger ut 5 stenger i døgnet. Det seljast både døgn- og halvdøgnskort hjå Chatlet Sport AS.

Sona er 1265 meter lang, og ligg på nordsida av elva. Valdet er godt lagt til rette for fiske med flugestonga, men vading er nødvendig enkelte plasser. Stokkenes er blant dei meir stilleflytande sonene i Eidselva, sjølv om det også her er parti med hurtigare vassføring.

Store delar av elva på Stokkenes renn ved sidan av ei golfbane.

 

Bjørlo

Eid Sportsfiskelag leiger ut 4 stenger i døgnet. Det seljast både døgn- og halvdøgnskort hjå Chatlet Sport AS.

Bjørlo er den lengste sona i Eidselva, 3520 meter. Valdet ligg på sørsida av elva. Den lange strekninga sona spenner seg over, gjer at er det god plass til alle fiskarane. Elva er variert, med alt frå store hølar til harde stryk. Når det gjeld naturopplevingar har Bjørlo mykje å by på.
­­­­­­­­­­­­­­

 

Langeland

Eid Sportsfiskelag leiger ut 2 til 3 stenger i døgnet, etter eigen fordelingstabell. Det seljast både døgn- og halvdøgnskort hjå Chatlet Sport AS.

Sona er 960 meter lang, og ligg på nordsida av elva. Idyllisk område med mindre hølar og ein stor (Vereidehølen). Både rolege parti og stryk. Sona er godt rydda, så her er fint å gå med flugestang. På stor elv er vading nødvendig i nedre del.

 Dette er eit kulturbeite og her går som regel sau på sona.

 

Kvien

Denne sona er  730 meter og har to stenger. Veksler annan kvar dag for medlem / ikkje medlem. Det er utførd mykje dugnad dei siste år med to fine fiskehytter og god tilkomst for utøving av fiske.

Øverst på sona er det nedre brekk-kant av Fossen før den svinger i eit stryk og ned mot Kruzjov med djup renne på din side, før du kjem i Moahølen. Her er første hytte plassert opp og bak på kanten med god oversikt. Fortsetter med fine stryk og gode standplasser og bukter seg i s-form før den ender nederst i Hammerhølen. Hammerhølen er godt kjend for ein god standplass og mange storfangster.

Sona er godt egna for fiske med fluge og mark, samt sluk ved stor elv. Tidleg i sesongen ved ekstra stor elv er sona krevjande, men kjempefin når den synker ned litt.

Kortsalg  er hos Chatlet Sport AS.

 

Moen

Eid Sportsfiskelag leiger ut 2 stenger i døgnet (juni og juli). 1 stong i august. Det seljast både døgn- og halvdøgnskort hjå Chatlet Sport AS.

Sona er 650 meter lang, og ligg på nordsida av elva. Moen er ein av dei siste plassane laksen stoggar før Hornindalsvatnet.


______________________________________________________________________________

Fossen

Eid Sportsfiskelag leiger ut 1 stong i døgnet. Det seljast både døgn- og halvdøgnskort hjå Chatlet Sport AS.Valdet er 300 meter lang, og ligg på sørsida av elva og er siste sona før laksetrappa. Strekninga er også kalla ”Fossen”. Valdet er i nedre delen ein lang høl med ein del grunne parti og groper. I øvre delen er elva ikkje lett tilgjengeleg for fiske på grunn av bratt terreng med skog. Fisket er godt på stor og lita elv.
Det er ført opp ny fiskehytte våren 2014.

______________________________________________________________________________

Nor

Eid Sportsfiskelag leiger ut 8 stenger i døgnet. Det seljast både døgn- halvdøgn- veke- og årskort hjå Chatlet Sport AS og Nesjartun Camping.

Sona er 1080 meter lang. Nor ligg på sørsida av elva. På nordsida leiger Eid Sportsfiskelag to stenger hjå gardane Vedvik. Når ein kjøper kort på Nor, kan ein slik fiske på begge sider av elva. Av desse er sørsida mest brukt. Elva er stilleflytande, og difor vel mange å bruke flytetaum og eihands flugestong. Vadebukse er å tilråde, men er ikkje naudsynt. Fisket er best i juli og august.