Storlaks
Henning Andreas Langeland og dottera Henny på ein liten fisketur. Storlaksen gjekk i fella og fangsten vart ein flott hannlaks på 12 kg.
Elveside/Fangst

LAKSEFISKET 2020 GODT I GANG

Fokuset flytta frå korona til laks.

JorgenLangeland
torsdag 04.juni 2020 / 16:44

Ventetida er over og laksefisket er i gang igjen i Eidselva. Med stor vassføring er det storlakstid i elva. Første døgnet var vel middels, men det sig på med fine fangstar. Til no er det teke om lag 20 laksar og denne flotte hannlaksen på 12 kg er av dei største og vart teken på Langeland. Generelt er det mange fine fangstar særleg i nedre del av elva.