
Nytt styre i Etne Elveeigarlag
Andreas Aune vald til ny leiar i Etne Elveeigarlag.
På årsmøtet i slutten av februar vart Andreas Aune (45) vald til ny leiar i Etne Elveigarlag. Han har ein part i Sørheim Fiskesameige , og er no fulltids bonde med interesse også for laksen og Etneelva. Mellom anna har familiemannen vore leiar av Etne Klekkeri . Andreas er sivilingeniør og har tidlegare jobba i Omega og Statoil.
På årsmøtet vart det ellers vedteke å gjennomføra ei planlagd kartlegging av elva som del av tiltaka i driftsplanen. NORCE , tidlegare Uni Miljø, skal gjennomføra kartlegginga som startar allerede tidleg på våren. Vidare vart det vedteke å gjennomføra eit nytt fangstrapporteringssystem i samarbeid med Elveguiden Rapporteringssystemet vert gjeldande for alle fiskarar og all fangst frå kommande sesong. Meir info om dette kjem seinare. Fiskereglane frå i fjor vert vidareført med nokre justeringar ,og vert lagd ut på heimesida vår om kort tid.
Etter at årsmøtet valde tre nye styremedlemmer ser styret no slik ut:
Andreas Aune, leiar
Kurt Hagen, nestleiar
Vidar Børretzen, sekretær
Asbjørn Moe
Frode Grindheim
Magnus Osvåg