Miljødirektoratet bidrar i kartlegginga som NORCE utfører i elva
Etne Elveigarlag har fått hjelp frå Miljødirektoratet til å kartleggja Etneelvo med sideelver og bekkar.
Saka vart dekka i Grannar, Mandag 2. Desember av Irene Mæland Haraldsen, Bilder og tekst er delt av grannar. :
Sjekkar elvevassdrag i Etne
Tilstanden til Etneelva, inklusive Nordelva, Sørelva, Fretteelva og sidebekker, blir i desse dagar grundig sjekka for å finna ut kva som kan gjerast for å betra forholda for fisken i vassdraget.
Tilbakevending av laks og aure til elvevassdraget i Etne blir dårlegare år for år.
For å finna ut kva som kan gjerast for å betra forholda for fisken i elva har Etne elveeigarlag sett i gang ei grundig kartlegging av tilstanden i elva.
Elveeigarlaget har fått 270.000 kroner frå Miljødirektoratet for å utføra kartlegging av elveløpa, og sist veke var seks fiskeforskarar frå miljøavdelinga i det statlege forskingsinstituttet på plass for å sjekka forholda i og ved elva både over og under vatn.
— Me kartlegg gyte- og oppvekstforhold for fisk og ser på samansetning av elvebotnen, ser på gytegrus og målar leveområde for ungfisk ved å sjå på skjul og holrom.
Me sjekkar også fysiske inngrep som mellom anna tersklar og vegetasjon.
I tillegg ser me på bekkene, seier prosjektleiar Sven Erik Gabrielsen i Norce som etter at kartlegginga av vassdraget er ferdig, analyserer resultata, stiller diagnose og kjem med forslag til tiltak.
Heile landet
Forskingsinstituttet Norce, som er eit statsaksjeselskap beståande av universiteta i Oslo, Bergen, Stavanger og Agder, har rundt 60 vassdrag rundt omkring i landet på oppdragslista.
I tillegg til kartlegging av levekåra til fisk, registrerer dei også forureining langs og i vassdraga.
I Etnevassdraget har dei, som så mange andre stader, registrert ein god del plast som har funne vegen ut i elva.
— Me ser mykje landbruksplast, seier Gabrielsen som også kikkar etter forureining frå bekker langs vassdraget når har er ute på oppdrag.
— Bekker er utsett for forureining, seier han. Først når alle resultata er analyserte får forskarteamet ei fullverdig oversikt over tilstanden i vassdraget, men under den to dagar lange undersøkinga har det ikkje vore mangel på fisk i elva. — Det er gode gyteforhold for fisk i Etneelva, og me har sett masse fisk, seier prosjektleiar Gabrielsen.
"Takk til Arve Skogen, Dagleg leiar i Grannar, som har sendt over saka til oss for deling på sida vår.... Kurt"