Nyhetsbrev

Meld deg på Norske Lakseelvers nyhetsbrev
Cloudy
13 °C
NNV
0.4 m/s
10.3m3
09:16
21:46
03:02
15:31

Vedtekter for sameiget Etne Elveigarlag

§ 1. Sameiget
Etne Elveigarlag, seinare kalla sameiget, er eit sameige mellom alle fiskerettshavarar innanfor det geografiske området av Etnevassdraget i Etne kommune som er beskrive i § 3.
Sameiget har som tingsrettslig sameige delt ansvar og skal drivast i samsvar med lov om laksefiske og innlandsfiske med tilhøyrande «Forskrift om pliktig organisering og drift av vassdrag med anadrome laksefisk av 25. juni 2013».
Fiskerettane ligg i eit geografisk fellesskap der det ikkje er rettslig grunna sambruk mellom eigedommane. Fiskerettane utgjer imidlertid eit geografisk fellesskap der alle rettighetshavarane meir eller mindre er avhengig av kvarandre sine disposisjonar. Den enkelte rettighetshavar har dermed interesser (og ansvar) utover sitt eige fiskeområde.  Det som er eigd i fellesskap er fiskeresursane i vassdraget.

§ 2. Formål og arbeidsfelt
Sameiget sit formål er å forvalta alle fiskeresursane i vassdraget i samsvar med «Forskrift om pliktig organisering og drift av vassdrag med anadrom laksefisk av 25. juni 2013», og skal soleis ivareta dei lovpålagde forvaltningsoppgavene som lova og forskrifta pålegg.

A Sameiget skal i sitt arbeid:

  • Syta for ein bærekraftig fellesforvalting av fiskeresursane i vassdraget
  • Ivareta fiskerettshavarane sine interesser ovanfor offentlegemyndigheter, interesseorganisasjonar og allmenheten.
  • Leggja til rette for eit variert og attraktivt sportsfiske for alle fiskeinteresserte.

B Vidare skal sameiget innanfor lovgjevinga sine bestemmelsar:

  • Bestemma reglar for fiske, som t.d. fisketider, reiskapsbruk og fangstkvote som alle fiskerettshavarar og fiskarar pliktar å følgja.
  • Samarbeida med andre organisasjonar med samanfallande interesser i samsvar med laget sine ynskjer og interesser.
  • Organisera kultiveringstiltak og evt. oppsyn og vaktordningar.
  • Fordela sameiget sine fellesutgifter som t.d. utgifter til kultivering, administrasjon og andre investeringar på fiskerettshavarane i høve til deira andeler i sameiget.
  • Utarbeida og vedlikehalda ein driftsplan for elva.
  • Gjennomføra andre oppgåver som vert fastsett av årsmøtet.
     

C Fiskerettshavaren har sjølv ansvar for marknadsføring og utleige av eigen fiskerett.

§ 3 Avgrensing av geografisk arbeidsområde

Sameiget sitt arbeidsområde er avgrensa slik:
Elvane frå utfallsosen i Stordalsvatnet og Litledalsvatnet til utløpet i Etnefjorden og omfattar soleis Sørelva, Nordelva og elva frå samløpet og nedover, heretter definert som Etneelva.

§ 4 Foretningsstad
Sameiget sin forretningsstad er i Etne Kommune. Rekneskaps og arbeidsåret føl kalenderåret.
Styreleiar og eit styremedlemm har signatur.

§ 5 Partar
Alle fiskerettshavarar innanfor dei elvestrekningane som kjem fram av § 3 vert automatisk parthavar i sameiget og må retta seg etter vedtaka i sameiget.  

§ 6 Berekning og tildelingav andeler
Ved berekning og tildeling av andeler til kvar part/fiskerettshavar skal prinsippa i «Forskrift om pliktig organisering og drift av vassdrag med anadrome laksefisk av 25. juni 2013» leggast til grunn. Berekningsgrunnlaget for andel i fisket for første 5 årsperiode er frå og med 2006 til og med 2012. Berekning og fordeling av andeler vert gjeldande i 5 år.
Fellesforvaltninga kan berre behandla spørsmål i direkte tilknyting til berekning av meter elvestrekkning og fangst siste 5 år i samsvar med forskrifta.
Fiskerettshavar har ansvar for gode rutinar for fangstregistrering og årleg fangstrapportering til styret.

§ 7 Årsmøtet
Årsmøtet er sameiget sit øverste organ og skal haldast innan 1. april kvart år. Berre parthavar er valgbar og har stemmerett på årsmøtet. Ein parthavar kan på årsmøtet la seg representera ved skriftleg fullmakt. Ingen kan møta med meir enn 1 fullmakt.  Alle partane i eit fiskesameige kan møta og røysta individuelt eller ved fullmakt.
Ved gradert røysting må fiskesameige opptre som ein parthavar i sameiget. For fiskerett som ligg i fiskesameige, krevest eit skriftlig sameigevedtak som peikar ut kven som røystar på årsmøtet.
Saker som ein ynskjer å behandla på årsmøtet må vera styret i hende seinast 1 månad før årsmøtet. Styret kallar skriftleg inn til årsmøte med 2 vekers varsel. Sakliste skal leggast ved innkallinga.

Dei enkelte vedtak på årsmøtet vert avgjort med simpelt fleirtal mellom dei frammøtte.  Ved stemmelikhet har formannen dobbeltrøyst. Til vedtektsendring vert det kravd 2/3 fleirtal av dei frammøtte andeler. Formålsparagrafen punkt A kan ikkje endrast. Ved røysting vert blanke stemmer rekna som ikkje avgitte.
Dersom det i ei sak vert kravd gradert røysting har kvar parthavar like mange røyster som han har andeler.

Årsmøtet skal:

  1. Velja møteleiar, registrera frammøte,godkjenna innkalling og sakliste ,handsama styret si årsmelding, revidert rekneskap og forslag til budsjett.
  2. Fastsetja fisketid og fiskereglar for årets fiskei samsvar med driftsplanen.
  3. Fastsetja driftsavgifta.
  4. Godkjenna endringar av driftsplanen for vassdraget.
  5. Evt. melda laget inn i samarbeidande organ med samanfallande formål og interesse.
  6. Handsama innkomne forslag og saker.
  7. Velja leiar for 1 år.
  8. Velja dei styremedlemmer og varamedlemmer som står på val. Styremedlemmene vert valde for 2 år om gangen. Tre varamedlemmer i nummerrekkefølgje vert valde kvart år.
  9. Velja valnemnd på 3 personar for 3 år der 1 går ut kvart år, dei første åra etter loddtrekking og deretter den med lengst tid.
  10. Velja to revisorar
  11. Velja 4 styremedlemmer med varamenn til styret i Etne Klekkeri.
  12. Velja medlemmer til Fagrådet for Etnevassdraget.
  13. Evt. setja av midlar til aktuelle fond eller føremål.
  14. Årsmøtet kan fastsetja godtgjersle til tillitsvalde etter tilråding frå valnemda.
  15. Årsmøtet kan ikkje gjera vedtak i andre saker enn dei som er nemnde i innkallinga til møtet.
     

§ 8 Ekstraordinært årsmøte
Styret skal kalla inn til ekstraordinært årsmøte når styret eller minst 1/3 av partane rekna etter andeler krev det. Innkalling og saksbehandling vert som på ordinært årsmøte.

§ Styret
Sameiget vert leia av eit styre på 6 personar med 3 varamedlemmer i nummerrekkefølgje. Styremedlemmene skal i størst mulig grad fordelast slik at dei ulike deler av vassdraget vert representert. Styret er vedtaksført når minst halvparten av styremedlemmene er tilstades. Ved stemmelikhet har formannen dobbeltrøyst. Styret vel sjølv mellom sine medlemmer nestformann, sekretær og kasserar.

Styret skal mellom anna:

  1. Kalla inn til årsmøte og leggja fram årsmelding med revidert rekneskap, budsjett og evt. planar for neste år.
  2. Gjennomføra årsmøtet sine vedtak og arbeida i samsvar med føremålsparagraf og vedtekne planar.
  3. Utarbeida og vedlikehalda ein driftsplan i samsvar med årsmøtet sine vedtak.
  4. Setja i verk driftsopplegg for fiske i vassdraget etter årsmøtet sine vedtak som t.d. fiskereglar, kultivering, fangstrapportering, oppsyn osv.
  5. Innhenta opplysningar for føring av fangststatistikk der den enkelte fiskekortseljar er ansvarleg for fangstrapporteringa.
  6. Arbeida for faglig opplysning.
  7. Melda til politiet alt ulovlig fiske på sameiget sit område.
  8. Overvaka vassdraget med tanke på sjukdom, ureining, vassføring og liknande.
  9. Det skal førast møtebok frå alle styremøta og denne skal vera tilgjengeleg for alle partane i sameiget

§ 10 Inntekter og kostnader
Ved  fordeling av kostnader vert parthavarane sine andeler lagd til grunn. Alle parthavarane /fiskesameige  betalar inn til sameiget ei årleg driftsavgift i høve til andel. Driftsavgifta går til dekning av felleskostnader og til gjennomføring av dei vedtak årsmøtet har gjort. Etter tilråding frå styret vert driftsavgifta for kvart år fastsett av årsmøtet og deretter innkrevd frå parthavarane etterskotsvis.

§11Oppløysning

Sameiget kan ikkje oppløysast før det vert opna for det i «Forskrift om pliktig organisering og drift av vassdrag med anadrom laksefisk av 25. juni 2013».

Vedtak om oppløysing kan gjerast med 2/3 fleirtal av andelene i eit ordinært årsmøte etter at det har vore føreslege på forrige årsmøte. Minst halvparten av andelene må vera tilstades. Møter ikkje så mange parthavarar, kan forslaget vedtakast på nytt årsmøte med vanleg fleirtal mellom dei møtande andeler.
Før oppløysing må alle leigetilhøve vera avvikla og alle økonomiske forpliktingar vera dekka.
Ved oppløysing tilfell sameiget sit overskot parthavarane  i høve til andeler.

§12 Tvistar
Tvistar som gjeld andelsgrunnlaget eller rettigheitstilhøve som ikkje kan løysast gjennom desse vedtektene, vert avgjort av jordskifteretten. Ellers gjeld «Lov om rettargangsmåten for tvistemål av 13 august 1915 nr. 6 kap.32».

§13Gjennomføring
Med heimel i «Forskrift om pliktig organisering og drift av vasdrag med anadrome laksefisk av 25 juni 2013», er det i felles igangsetjingsmøte mellom alle fiskerettshavarane i tidlegare Etne Elveigarlag og Sørelva Elveigarlag den 18.2.2014 ved fleirtalsvedtak i samsvar med forskrifta, vedteke ny organisering og felles forvaltning, og korleis forvaltninga av anadrom laksefisk i dei nemde elvane skal ordnast  i samsvar med gjeldande vedtekter.