Årlig fiske etter oppdrettslaks/pukkellaks

Mål

Hindre innblanding av oppdrettsfisk og pukkellaks i vassdraget.

Beskrivelse

Sidan 1999 har det i gjennomsnitt vore 8 % innslag av rømt oppdrettslaks (39 stk.) i fangstane. For 2010 er det berekna ein total fangst på 62 rømte oppdrettslaks (12%).

Det har blitt fiska utover hausten etter fiskesesongen for å få eit inntrykk av innslaget av rømt oppdrettslaks i gytebestanden. Innslaget har vore langt høgare om hausten enn i fiskesesongen, men det er svært usikkert kor representativt innslaget eigentleg er, m.a. er det sannsynlegvis høgare fangbarheit på nyleg oppvandra rømt laks samanlikna med villaksen som har opphalde seg i ein lengre periode i elva. Vitenskapelig råd for lakseforvaltning har brukt innslaget av rømt oppdrettslaks i fiskesesongen når dei har berekna oppnåing av gytebestandsmålet, ikkje innslaget i fisket om hausten.

 

Evaluert
Yes
Evaluert resultat

 

2018: Rapport utfisking av rømt oppdrettslaks