«Lervik Høl» / «Lower Bank»

«Lervik Høl» og «Lower Bank» er nedanfor Osfossen og blir leid ut samla som ei sone.

Lervik Høl
Det øvste valdet på lakseretten, Lervik Høl, er ein av Noregs sikraste stader for å oppleve å ha laks på kroken. Dette er staden å lære flugefiske eller å vidareutvikle fiskeferdighetene dine med flugestanga. Med god plass og kyndig veiledning av dyktige guidar, er sjansen stor for laks på kroken alt frå første kast.Lervik Høl er fiskbart uavhengig av stor eller lita elv. Godt fiskeutstyr for utleige samt dyktige guidar aukar sjansen for den optimale natur- og fiskeopplevinga. Fisket skjer både frå land (steinmuren) og frå båt med fluge eller sluk.

 

Lervik Høl er ein av Noregs sikraste stader for å oppleve å ha laks på kroken.
Lervik Høl er ein av Noregs sikraste stader for å oppleve å ha laks på kroken.

 


Lower Bank
​Det nedre valdet på lakseretten, Lower Bank, er eit rolegare parti som er avhengig av middels eller stor elv for å ha optimale fiskeforhold. Fisket skjer her også både frå land og frå båt med fluge eller sluk.
Snittstorleiken på laks gjennom ein normalsesong er ca 3,5 kg. Det er mest stor laks tidleg i sesongen, medan det kjem større innsig av tert i juli og august. Største laksen som er tatt på retten er 24,9 kg.

 

 

Lower Bank er eit rolegare parti som er avhengig av middels eller stor elv for å ha optimale fiskeforhold.
Lower Bank er eit rolegare parti som er avhengig av middels eller stor elv for å ha optimale fiskeforhold.


 
Forvaltning av laksestammen har hovudfokus under utøving av fiske. Det er såleis ei avgrensa kvote med mellom- og storlaks som kan avlivast. Fisket er i hovudsak eit retta fiske der storparten av laksen blir satt tilbake i elva. Fisket skjer med kyndig vegleiing av kvalifiserte guidar. Alt fiske under Osfossen skjer med guiding.
 
Fiskeretten under Osfossen ligg i eit naturreservat/ fuglereservat med eit rikt fugle- og planteliv.