

Sportsfiske
Fiskeoppsyn i Strynevassdraget
Omfanget av ulovleg fiske i Strynevassdraget er truleg større enn det ein har trudd tidlegare. No er det sett i gang tiltak før sesongstart.
StrynJørn
Intensiverer oppsynet mot ulovleg fiske i Strynevassdraget
Omfanget av ulovleg fiske i Strynevassdraget er truleg større enn det ein har trudd tidlegare. No er det sett i gang tiltak før sesongstart.
For perioden 2013–2017 var gytebestandsmåloppnåinga og det haustbare overskotet i Stryneelva vurdert å vere svært dårleg. VRL (Vitenskapelig råd for lakseforvaltning) vurderte at det har vore eit svært lite eller ikkje noko haustbart overskot og at bestanden ikkje bør haustast. I 2016 vart det innført vesentlege restriksjonar lokalt. Tiltaka reduserte haustinga, og gytebestandsmålet vart truleg akkurat nådd i 2017.