
Forvaltning
Kompetansemål i matematikk
Elva som pedagogisk ressurs. Aktuelle kompetansemål i matematikk i alle alderstrinn.
Ayna Heilong
lørdag 30.juli 2016 / 13:25
Kompetansemål etter 2. årstrinn
- Tal, mål for opplæringa er at eleven skal kunne
· gjere overslag over mengder, telje opp, samanlikne tal og uttrykkje talstorleikar på varierte måtar
· utvikle, bruke og samtale om varierte reknestrategiar for addisjon og subtraksjon av tosifra tal og vurdere kor rimelege svara er
· utvikle, bruke og samtale om varierte reknestrategiar for addisjon og subtraksjon av tosifra tal og vurdere kor rimelege svara er
· doble og halvere
- Måling, mål for opplæringa er at eleven skal kunne
· måle og samanlikne storleikar som gjeld lengd og areal, ved hjelp av ikkje-standardiserte og standardiserte måleiningar, beskrive korleis og samtale om resultata
· nemne dagar, månader og enkle klokkeslett
Kompetansemål etter 4. årstrinn
- Tal, mål for opplæringa er at eleven skal kunne
· beskrive og bruke plassverdisystemet for dei heile tala, bruke positive og negative heile tal, enkle brøkar og desimaltal i praktiske samanhengar og uttrykkje talstorleikar på varierte måtar
· utvikle og bruke varierte metodar for multiplikasjon og divisjon, bruke dei i praktiske situasjonar og bruke den vesle multiplikasjonstabellen i hovudrekning og i oppgåveløysing
· bruke matematiske symbol og uttrykksmåtar for å uttrykkje matematiske samanhengar i oppgåveløysing
- Måling, mål for opplæringa er at eleven skal kunne
· gjere overslag over og måle lengd, areal, volum, masse, temperatur, tid og vinklar, samtale om resultata og vurdere om dei er rimelege
- Statistikk, mål for opplæringa er at eleven skal kunne
· samle, sortere, notere og illustrere data på formålstenlege måtar med teljestrekar, tabellar og søylediagram, med og utan digitale verktøy, og samtale om prosess og framstilling
Kompetansemål etter 7. årstrinn
- Tal og algebra, mål for opplæringa er at eleven skal kunne
· utvikle, bruke og diskutere metodar for hovudrekning, overslagsrekning og skriftleg rekning og bruke digitale verktøy i berekningar
· beskrive referansesystemet og notasjonen som blir nytta for formlar i eit rekneark, og bruke rekneark til å utføre og presentere berekningar
· finne informasjon i tekstar eller praktiske samanhengar, stille opp og forklare berekningar og framgangsmåtar, vurdere resultatet og presentere og diskutere løysinga
- Måling, mål for opplæringa er at eleven skal kunne
· velje høvelege målereiskapar og gjere praktiske målingar i samband med daglegliv og teknologi og vurdere resultata ut frå presisjon og måleusikkerheit
· gjere overslag over og måle storleikar for lengd, areal, masse, volum, vinkel og tid og bruke tidspunkt og tidsintervall i enkle berekningar, diskutere resultata og vurdere kor rimelege dei er
· bruke forhold i praktiske samanhengar, rekne med fart og rekne om mellom valutaer
- Statistikk og sannsyn, mål for opplæringa er at eleven skal kunne
· planleggje og samle inn data i samband med observasjonar, spørjeundersøkingar og eksperiment
· representere data i tabellar og diagram som er framstilte med og utan digitale verktøy, lese og tolke framstillingane og vurdere kor nyttige dei er
· finne median, typetal og gjennomsnitt i enkle datasett og vurdere dei ulike sentralmåla i forhold til kvarandre
Kompetansemål etter 10. årstrinn
- Tal og algebra, mål for opplæringa er at eleven skal kunne
· bruke tal og variablar i utforsking, eksperimentering og praktisk og teoretisk problemløysing og i prosjekt med teknologi og design
- Måling, mål for opplæringa er at eleven skal kunne
· gjere overslag over og berekne lengd, omkrins, vinkel, areal, overflate, volum, tid, fart og massetettleik og bruke og endre målestokk
· velje høvelege måleiningar, forklare samanhengar og rekne om mellom ulike måleiningar, bruke og vurdere måleinstrument og målemetodar i praktisk måling og drøfte presisjon og måleusikkerheit
- Statistikk, sannsyn og kombinatorikk, mål for opplæringa er at eleven skal kunne
· gjennomføre undersøkingar og bruke databasar til å søkje etter og analysere statistiske data og vise kjeldekritikk
· ordne og gruppere data, finne og drøfte median, typetal, gjennomsnitt og variasjonsbreidd, presentere data, med og utan digitale verktøy, og drøfte ulike dataframstillingar og kva inntrykk dei kan gje