1. Fiskeregler

Mål

Alle må følge regelverket til Uskedalselva Forvaltning SA

Beskrivelse

Hvert år blir fiskereglene evaluert og oppdatert til neste sessong

Fiskeregler for 2022 sesongen

Fiskesesongen varer frå 15. juni til og med 31. August.

Kjøp av elvekort for å få tilgang til fiske i elva, dette er ei eingangsavgift som går uavkorta til forvaltning i Uskedalselva kortet koster kr 50.- gjeld også barn og ungdom.

Barn opp til 16 år fisker gratis.

Ungdom frå 16 til 18 år får rabbaterte priser.

Prov på betalt fiske for rett sone skal bringast med og synast på oppfordring.

Innløpet til Gravehølen er stengt for fiske.

Utstyr som har vore nytta i andre vassdrag skal desinfiserast.

Det kan kun fiskas med stang. Som agn er det lov med naturleg mark, sluk, spinnar, wobbler eller floge. For C/R skal ein nytte krok utan mothake.

C/R vert ikkje tillate i sonene ovanfor bruene på Haugland

Det er forbode å rykkje fisken. Det er også forbode å fiske slik at det er fare for at fisk blir rykt.

Alt fiske skal foregå innanfor sona det er løyst kort på. Grunneigarar kan komme å fiske i same sona.

Ta hensyn til andre fiskarar slik at ikkje fisket vert øydelagt for dei. Start alltid fisket ovanfor eksisterande fiskarar.

Gå ikkje over dyrka mark. Gå langs elva eller på stiar.

Ein skal alltid lukke grinder etter seg.

Parker på opp merkte stader. Camping forbode på parkeringsplassane. Venleg nytt campingplassen.

Ta med søppel.

Fangst skal rapporterast inn på nettsidene, anten med PC eller mobil.

Fangst skal rapporterast inn før det vert løyst nytt kort.

Skjelprøvar skal takast og leggjast i postboksen ved brua.

Det er sett ut PIT merke lesarar, her kan du skanne fisken for å sjekke om den er merka.

Døgnkvote er maks  2 fiskar på land. Har ein  2 fiskar på land, så sluttar ein å fiske.

Sesongkvote er maks 10 fiskar på land per fiskar.

Fisk som har vore utav vatnet skal på land

Ved lita sommerelv over tid, kan styret stenge for fiske. Dette vil bli annonsert på nettsidene. Kjøpte kort vert ikkje refundert.

Brudd på fiskeregler medfører utestengelse ut neste sessong, grove brudd vert annmeldt (lakseloven)

Skitt fiske!

Styret.

Evaluert
Yes
Evaluert av
23572
Evaluert dato
2022-05-06
Evaluert resultat

Oppdatert og klar for 2022 sessongen