Uskedalselva

Ei perle i Haradangerfjorden

Les mer

Uskedalselva ligg sentralt i Kvinnherad kommune ytterst i  Hardangerfjorden. Området har eit nedbørsfelt på 45 km2,  Elva er uregulert, men er førebygd i jordbruksområda i nedre del. Elva har ein sjøaureførande strekning på 13 km. Av desse er 11 km strekninga frå elveosen til Fjellandsbøvatnet, og om lag 2 km som utgjer Børsdalselva.

Uskedalselva renn som ei hovudpulsåre gjennom Uskedalen. Det ligg veg langs heile elva,som gjer at det er god tilkomst for fiske og friluftsliv. Den nederste delen av elva renn gjennom dyrka mark. Busetnaden langs vassdraget er heller lita, men det er hus og gardstun frå elvosen til Fjellandsbøvatnet.

Uskedalselva renn i gjennom ein flat, slakt hellande dalbotn. Dette fører til at elva er meandrerande, sei at elva renn i meandersvingar. Vassføringa er størst i yttersvingane og elva grev hølar. Døme på slike er Dønhaughølen og Djupehølen. Andre gode hølar er Klehølen og Gravehølen. I innersvingane vert det avsett materiale som sand, grus og stein grunna låg hastigheit. Materialet i dalbotn består hovudsakleg av elveslettesediment,- avsett på denne måten opp gjennom tidene. Vassføringa i elva er styrt av varierande nedbørsmengder og smeltehendingar. Elva vert difor omtala som ei flaumelv. Ujamn vassføring førte tidlegare til danning av ”holmar”. Elva grov i yttersving og utvida meanderen heilt til ei endring i vassføring førte til avsnøring av denne. Nokre        av desse holmane vart grevne bort ved regulering av elva på 1960 talet. Vi finn enno holmar på Haugland. Tydelege merke etter holmar finn vi til dømes på Myklebust (Leite) og på Kjærland (i Holmen) 

Uskedalselva varierer stort sett mellom å renna i stryk og stilleflytande.Uskedalselva er ei typisk flaumelv, og det er teke vassføringsmålingar i Børsdalselva etter at kalkdoseraren vart montert.