Dei siste 8,5 km av Flekkeelva, fra Harefossen til utløp i fjorden, utgjør den anadrome delen av Flekkeelva. På denne strekningen ligger det fire vatn. De siste 2 km opp til fossen er elv. Anadrom del av elva er delt inn i 3 soner. Sone 1 utgjør strykene mellom vann fra utløp i fjorden opp til utløp fra Hovlandsvatnet (inkludert vestside på Hellebust). Sone 2 utgjør elvestrekningen øverst i den anadrome delen, fra Harefossen og ned til utløp i Hovlandsvatnet. Sone 3 utgjør de fire vannene Fløsjøen, Rennestraumsvatn, Breivatn og Hovlandsvatn.
Flekkeelva
Oversikt over soner i kart finner du her.
Fiskekort Hellebust Øst
Inatur fiskekort sone 1 og sone 3
Fiskekort sone 2 og sone 3
Fiskekort sone 1 og sone 3
Oversikt over fisketilbydere.

Fiskeregler
Fisketider
Laks: fra 1. juni til 31. august
Aure: fra 1. juni til 15. august
Døgnkvote: 1 laks, 2 sjøaure
All laks over 75 cm lengde som er fanga i august må settast ut igjen.
Fiskarane pliktar å vise fram gyldig fiskekort frå Inatur (på mobiltelefon) og dokumentasjon på betalt fiskaravgift
Alle fiskarar skal rapportere i Inatur.
Alle fiskarar skal ta skjelprøve av all avliva laks og sjøaure
Lokale reglar for alle fiskarar og gjennomføringa av fisket i «Flekkeelva»
Før fisket startar:
- Alle fiskarar over 18 år skal ha betalt fiskaravgifta før fiskekort vert kjøpt.
- Ved kjøp av fiskekort stadfestar kjøparen samtidig at han er kjend med gjeldande regelverk, i lov, forskrift og dei lokale fiskereglane og at han vil følge desse. Ved kjøp av fiskekort aksepterer kjøper at Flekke elveeigarlag kan innføre strengare regulering av fisket undervegs i sesongen og at fiskaren ber risiko for dette, også økonomisk. Vidare at fiskaren vil opptre høvisk og ikkje vere til sjenanse for andre som ferdast ved elva.
- Fiskekortet er personleg og kan ikkje overførast til andre utan at slik overføring i kvart enkelt tilfelle er godkjent av seljar av fiskekortet. Ved bytte/overføring av fiskekort må den som gir frå seg eit fiskekort sende sms til kortseljaren seinast 48 timar før fiskedøgnet på det aktuelle kortet startar. Byttet/overføringa er ikkje godkjent før dette er stadfesta av kortseljaren. Sms skal sendast til Ola Kjell Loneland, tlf.: 90954812 i sone 2 og Hallvard Haaland, tlf.: 90633480 i sone 1.
- Alt utstyr brukt i samband med fisket skal desinfiserast før det vert teke i bruk, dersom det sist har vore i bruk i andre elvar. (Utstyr for desinfisering er utplassert i tunet på Loneland og ved fiskebua ved Kjergardfossen (ved elva sitt utløp i Flekkefjorden ved Solheim bru). Trollefoss og Hellebust har eige opplegg for desinfisering.)
Vis omsyn til grunneigar, parker omsynsfullt og unngå trakk på dyrka mark.
Under fisket:
Første fiskedøgn (1.juni) startar kl. 00.00 og varer i 32 timar til 2.juni kl. 08.00. Elles startar alle fiskedøgn kl. 08.00 og varer i 24 timar, med unntak av 31. august som varer i 16 timar (til kl. 24).
- Alt fiske skal vere rullerande. Etter 1 time skal fiskaren overlate plassen til andre og vedkommande (som då må forlate plassen) kan ikkje krevje å få den att før alle dei andre fiskarane i sona har hatt høve til å bruke den i «sin time». (Det er viktig at plassen får kvile). Fiskarar som opptek fiskeplassar meir enn 1 time og dermed hindrar rullering skal rapporterast til Ola Kjell Loneland (ola@loneland.no, tlf.: 90954812) for sone 2 og Hallvard Haaland (hallvard.haaland@gmail.com, tlf.:90633480) Magnar Dørhellen (magnardo@online.no, tlf.: 97545077) eller Jo Hustveit (johust@gmail.com, tlf.: 48112845) for sone 1. Born og ungdom under 16 år kan fiske på same kort som kortinnehavar, når denne tek pause og samtidig rettleier dei unge.
- Fiskarane pliktar å vise fram gyldig fiskekort frå Inatur (på mobiltelefon) og dokumentasjon på betalt fiskaravgift når nokon med dokumentasjon frå laget utøver fiskeoppsyn.
- Fiskarane pliktar å rette seg etter forbodskilt og pålegg frå den som utøver fiskeoppsyn på vegner av laget
- All laks over 75 cm lengde som er fanga i august må settast ut igjen. Alle som fisker må gjere seg kjent med framgangsmåten for «Gjenutsetting av laksefisk», sjå brosjyren «Gjenutsetting av laksefisk» frå Norges Jeger og Fiskerforbund og Norske Lakseelver. Fisken som vert sett ut, blir rekna som del av kvoten til fiskaren. Det er påbode å bruke fiskereiskap med inneklemte mothaker ved fiske i august. Ved fiske med makk i august må ein bruke sirkelkrok – dette er viktig for å skade fisken som blir gjenutsett minst mogeleg.
- Kvar fiskar kan fiske 1 laks, uansett storleik, pr. fiskedøgn (gjeld heile elva sett under eitt). Dette gjelder også 1. fiskedøgn som er på 32 timar. Sikker stadfesta fangst av oppdrettsfisk går ikkje av kvoten.
Kvar fiskar har ein døgnkvote på 2 sjøaurer. Minstemålet for sjøaure er 35 cm, mindre individ skal settast varleg ut att. Fisken som vert sett ut, blir rekna som del av kvoten til fiskaren.
Etter fisket:
- Alle fiskarar skal rapportere i Inatur. Det skal rapporterast uansett om fiskekortet har vore brukt eller ikkje. Også fisk som vert sett ut igjen skal registrerast.
- Alle fiskarar skal ta skjelprøve av all avliva laks og sjøaure og legge skjellkonvolutten i kassen i tunet på Loneland eller ved Kjærgardsfossen. (Trollefoss og Hellebust har eige opplegg for innsamlig av skjellkonvolutter).
Sanksjonar:
- Forutan sanksjonsreglane i lover og forskrifter kan også brot på lokale reglar medføre at vedkommande vert vist bort og/eller utestengd frå elva for kortare eller lengre periodar.