Smoltutsett 2023
Dette året blir det sett ut ca. 30 000 stk. smolt i motsetnad til pålegget som er på 40 000stk. (jfr. tidlegare orientering om utsortering av fisk med brystfinneslitasje).
Det har vore variabel smoltutvikling, men likevel ei meir homogen gruppe enn det me har sett dei siste åra. Likevel var det omtrent 4 000stk. smolt som ikkje var sjøvassdyktige og som difor har blitt sett rett ut i elvemunninga (30.05.2023) i samråd med fiskehelsetenesta. Dette året blir smoltslepet utført i 1 omgang. Smolten blir slepa ut i 2stk. merder til 2 utsleppspunkt ved Berakvam og det er 4 000stk. PIT-merka smolt i kvar merd. Dette inngår som ein del av undersøking om laksevandring som WindWork Jelsa er pålagd å gjennomføra. Det er forskingsinstituttet Norce som gjennomfører undersøkinga.