Kvar grunneigar leiger sjølv ut fiskerettane sine. Nokre rettshavarar har gått saman i samarbeidsavtalar, og desse områda vert leigde ut samla. Forvaltningslaget fastset fiskereglane innanfor rammene frå styresmaktene, og har ansvar for oppsyn i elva, desinfeksjon av fiskeutstyr, innsamling av fangstrapportar, teljing av laks og sjøaure i laksetrappene ved Sandsfossen, vurdering av fisket midt i sesongen, og overvaking av korleis laks- og sjøaurebestandane utviklar seg i elva.
Suldalslågen
Suldalslågen er Vestlandets største elv. Ho renn frå Suldalsvatnet og munnar ut ved Sand, i Sandsfjorden. Lågen er 23 kilometer lang og heile elva er lakseførande.

Bildet viser Sandsfossen. Nederst til venstre ser ein Fossheim, Turistkontoret i Suldal.
Fiskeregler
Fiskereglar 2026
Fiskarar er pliktige til å setja seg inn i følgjande lovar og forskrifter før fisket startar
Forskrift om oppgaveplikt og om redskaper som er tillatt benyttet ved fiske etter anadrome laksefisk:
Forskrift om fiske etter anadrome laksefisk i vassdrag
https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2021-03-15-798
Lov om laksefisk og innlandsfisk mv. (lakse- og innlandsfiskeloven)
Lov om laksefisk og innlandsfisk mv. (lakse- og innlandsfiskloven) - Lovdata
Døgnkvote
Ein (1) merka laks per fiskedøgn. Eit fiskedøgn er 24 timar.
Utsett fisk blir ikkje rekna med i kvoten.
Skadd fisk som ikkje kan setjast ut, skal leverast til kortutleiar
Makkafiske
Ein kan fiska med makk etter avtale med grunneigar eller kortutleigar. Det er berre tillate å bruka levande makk og sirkelkrok.