
Om vassføringa i Lærdalselva i mai og juni
Styret har fått eindel spørsmål om kvifor det har vore unormal låg vassføring i elva i det siste, noko som påverkar både fiskeforholda og oppgamgsmoglegheitene i elva for laks- og sjøaure.
Det vert her stillt spørsmål om dette skuldast brot på regelverk frå Østfold Energi AS si side. Styret vil her opplyse at den låge vassføringa skuldast dei spesielle verforholda vi har hatt i det sist, med unormal høg luft-temperatur og mykje snøsmelting imai og tidleg i juni, for så eit brått omslag til kjølig ver i midten av juni. I tilegg har det vore unormalt lite nedbør her i heile denne perioden. Stuvane kraftverk vart sett ut av drift for ei tid sidan og det vert no sleppt vatn frå Sjurhaugfossen. Etter det vi får opplyst frå Østfold Energi AS, foregår det ikkje vedlikehaldsarbeid i kraftverket som har innverknad på vassføringa i elva.
Styret meiner at Østfold Energi AS i denne situasjonen har forhelde seg til manøvreringsreglementet, Lærdalsavtalen og avtalen med falleigarane.
I forhold til veret utover sommaren, må vi altså håpe på varme og mykje nedbør resten av fiskesesongen!
Når det gjeld opning av dei 3 nederste laksetrappene, ventar Østfold Energi AS på klarsignal frå Miljødirektoratet, og er lova ei avgjerd tidleg i juli. Under føresetnad av direktoratet si godkjenning, vil Østfold Energi AS opne desse trappene så snart slik godkjenning ligg føre.
Styret
v/Lasse Sælthun