Elveside/Vedtekter

Vedteker for Suldalslågen forvaltningslag SA

Vedtekter for Sulalslågen Forvaltningslag SA vedtatt på ekstraordinært årsmøte 5. desember 2012.

Paal

§ 1. SAMANSLUTNINGSFORM OG NAMN PÅ FØRETAKET

Samanslutninga er eit samvirkeføretak med føretaksnamn Suldalslågen forvaltningslag SA. Forretningskontoret er i Suldal kommune.

§ 2.      LAGET.

Suldalslågen forvaltningslag, seinare kalla Laget, er ei samanslutning av grunneigarar/ rettseigarar med fiskerett i Suldalslågen.

Laget omfattar alle eigedomar med fiskerett frå grensa mellom sjø og elv på Sand, og opp til demninga på Osvad, slik det fremkommer av jordskiftesak 8/97 ved Haugalandet og Sunnhordaland jordskifterett. Bruksordninga omfattar og sideelvar og sidebekkar så langt desse er ått av eigedomar omfattet av nemnde jordskiftesak.

§ 3.      FØREMÅL.

Laget skal få i stand ei felles forvaltning av fiskeresursane i Suldalslågen, og skal i sitt arbeid tilgodesjå medlemmane sine interesser i Lågen gjennom ei langsiktig resursforvaltning og å ivareta det biologiske produksjonsgrunnlaget.

§ 4.      MEDLEMMER.

Alle grunneigarar/ rettseigarar innanfor det området som er definert i §2, er medlemmer i Laget og pliktar å rette seg etter dei vedtak som blir fatta.

Den einskilde driftseining sin andel i Laget går fram av bruksordninga i jordskiftesaken. Andelenes størrelse skal for øvrig fremgå av medlemslista.

§ 5.      ÅRSMØTE.

Årsmøtet er Laget sitt øvste organ.

Ordinært årsmøte skal haldast mellom 1.mars og 1.april kvart år. Årsmøtet blir innkalla av styret. Innkallinga til årsmøtet med saksliste og saksdokument skal skje skriftleg med minst to vekers varsel. Saker som medlemmer ynskjer å ta opp på årsmøtet skal vera kome inn til styret innan 1. februar.

Årsmøtet skal leiast av styreleiar, fram til årsmøtet har valt møteleiar.

Det einskilde vedtak på årsmøtet vert avgjort med alminneleg fleirtal mellom dei som møter fram. Normalt har kvar frammøtt ei stemme, men dersom minst ein representant krev det, skal avstemming skje i høve til den omsetning den einskilde representerer i møtet, slik det fremkommer av § 11 andre ledd.

Fleirtalsvedtak må ikkje påføre noko medlem større kostnader og ulempe, enn nytte. Vedtaket må heller ikkje føre med seg usakleg skilnad mellom rettane til fleirtalet og mindretalet, eller gje urimelege fordeler for fleirtalet til skade for mindretalet.

Vedtektsendring krev 2/3 fleirtal, rekna etter total omsetning, slik det fremkommer av

§ 11 andre avsnitt. Dersom det ikkje blir tilstrekkeleg fleirtal, kan forslaget takast opp for andre gongs handsaming på det etterfølgjande årsmøtet. Minst eit av desse årsmøta må vera ordinært og dei må haldast i to ulike kalender år. Ved andre gongs handsaming vil vedtektsendring krevja 2/3 fleirtal rekna etter andel omsetning, som nemnd i § 11 andre avsnitt, blant dei frammøtte. Ved skriftleg avstemming blir blanke stemmer rekna som ikkje avgitt. Vedtektene §4, om andelshøve og §8, 2.ledd om låneopptak kan ikkje endrast før 10 år etter at jordskiftesak 8/97 er sett i kraft.

Årsmøtet skal:

Godkjenne saksliste og innkalling.
Godkjenne fullmakter og registrere frammøtte.
Velje protokollførar og ein person, som saman med leiaren skal underskrive protokollen.
Handsame styret si årsmelding, årsoppgjer, arbeidsplan og budsjettforslag for neste år.
Fastlegga årsavgift.
Velje leiar for eit år om gongen.
Velje dei styremedlemmer og personlege varamenn som står på val.
Velje revisor.
Velje valkomitè på 3 personar.
Handsama innkomne saker

Vidare skal årsmøtet dersom det er aktuelt:

Handsame styret sitt framlegg til fiskereglar, fiskeperiode, ordning for stasjonane for desinfeksjon av fiskeutstyr, fiskekultivering, oppsyn og liknande.

Vedta å utarbeide / ajourføre driftsplan for Lågen.
Eventuelt.

§ 6.      EKSTRAORDINÆRT ÅRSMØTE.

Styret skal innkalle til ekstraordinært årsmøte når styret eller minst 10 % av Laget sine medlemmer, rekna etter andel, krev det.

Innkallinga til og sakshandsaminga på det ekstraordinære årsmøtet følgjer reglane for det ordinære årsmøtet.

 

§ 7.      STYRET.

Mellom årsmøta er Laget leia av eit styre på totalt 5 personar. I styret skal det vera minst ein representant for dei 3 delane av Lågen, Sandsfossen, Sandsbygdå (nedanfor Juvet) og Suldal. (ovanfor Juvet)

Funksjonstida for styremedlemmene er to år, og slik at to representantar står på val i år som er partal og tre representantar står på val i år som er oddetal. I det første styret som blir valt, skal det etter to trekkast lodd om kven som skal stå på val, og dei øvrige står på val i det tredje året.

Varamedlemmane er personlege, og har same funksjonstid som styremedlemmane.

Styret er vedtaksfør når minst tre medlemmar møter. I situasjonar der det er likt stemmetal i styret, har leiaren dobbeltstemme.

Styret vel sjølv, mellom sine medlemmer, nestleiar, kasserar og sekretær.

Styret skal mellom anna:

  • Arrangere årsmøte, avgi årsmelding med årsoppgjer og utarbeide budsjettforslag og arbeidsplan for komande år.
  • Utarbeide driftsplan for fisk i tråd med avgjerder i årsmøtet.
  • Utarbeide framlegg til fiskereglar, fiskekultivering,  oppsyn og liknande.
  • Administrere innkrevjing av årsavgift, og syte for at alle medlemmene rettar seg etter reglar vedteke på årsmøtet.
  • Syte for at Laget eventuelt vert registrert i dei offentlege register som lova krev.
  • Syte for at alle naudsynte offentlege løyver vert innhenta for gjennomføring av driftsplan eller andre tiltak i vassdraget.
  • Samle inn statistikk over oppfiska kvantum, og ha ansvar for overvaking av vassdraget.
  • Arbeide for at Lågen sine fiskeressursar blir utnytta i tråd med årsmøtet sine tilrådingar.
  • Styret kan oppretta eit rådgjevande organ som dei kan rådføre seg med i saker som gjeld styret sitt arbeid.
  • Det skal førast protokoll over styret sine møte. Denne protokollen skal vera tilgjengeleg for Laget sine medlemmar.

§ 8.      ANSVAR.

Medlemmene i Laget har avgrensa ansvar. Det einskilde medlem er ikkje ansvarleg for anna enn den innbetalte årsavgifta.

Laget har ikkje mynde til å finansiera drift eller tiltak gjennom låneopptak eller tilsvarande finansieringsform, med mindre dette skjer gjennom at medlemmer frivillig forskotterer utgifter mot seinare fråtrekk i skuldig årsavgift.

§ 9.      ARBEIDSÅR OG FORPLIKTING.

Rekneskaps- og arbeidsår følgjer kalenderåret. Laget blir forplikta av styreleiar saman med sekretær eller kasserar.

§ 10.    VALKOMITE.

Valkomiteen er samansett av tre medlemmar. Valkomiteen skal vera samansett slik at det til ei kvar tid er representantar frå både den delen av elva som ligg ovanom Juvet og den delen som ligg nedanfor..

Funksjonstida for medlemmane er tre år, og slik at ein representant står på val kvart år. Dei to første åra etter stiftinga, skal det avgjerast ved loddtrekning kven som står på val, og årsmøtet vel kven som skal vera leiar. Frå det tredje året skal det medlemmet som har fungert lengst samanhengande, vera leiar. Komiteen fattar avgjerder med vanleg fleirtal.

§ 11.    ÅRSAVGIFT.

Laget skal finansiera drift og tiltak ved at det blir søkt om offentlege tilskott, og ved at medlemmane vert pålagt å betala ei årsavgift som blir fastsett for kvart år på årsmøtet.

Årsavgifta er medlemmanes betaling for lagets forvaltning av Lågen, ref. § 3, og utgjer med det lagets omsetning. Samla årsavgift skal fordelast på medlemmene etter den andelen dei har i laget, ref. § 4 andre avsnitt. Årsmøtet fastset kor stor samla årsavgift skal vera.

For at innkrevjinga ikkje skal bli for dyr, kan Årsmøtet vedta å krevje inn Årsavgifta på forskot for fleire år om gongen. Forskotet kan ikkje setjast høgare enn kroner 300,-. Den fastsette årsavgifta i etterfølgjande år skal då trekkjast frå innbetalt forskot. Eit medlem som har betalt forskot, kan ikkje krevjast for ny årsavgift før forskotet er oppbrukt.

§ 12.    RETNINGSLINER FOR KORTSAL/ UTLEIGE.

Kvart einskild medlem har rett til selje fiskekort/ drive utleige i samsvar med den fiskerett han eig.

Laget skal, dersom det er naudsynt, gi retningsliner for kortsalet/ utleiga. Slike retningsliner kan t.d. gå ut på at det berre skal nyttast standardiserte kort som blir utdelt frå Laget og kor mykje det kan fiskast per kort/ per døgn.

Restriksjonar på fisket kan berre fastsetjast som generelle reglar og berre i den utstrekning føremålet med tiltaket er å styrke bestanden av laks og/eller sjøaure.

Laget skal leggje til rette for frivillig samarbeid om sal av fiskekort for heile eller delar av vassdraget.

Alle som fiskar i Lågen, også elveigarane sjølve, må registrere fisketida og kva fangst dei tek.

Dersom Laget finn det naudsynt, for å få gjennomført viktige tiltak i/for Lågen for å oppretthalde eller auke produksjonen, kan Laget påleggja medlemmene ulike tilpassingar til krav frå det offentlege.

§ 13.    TILTAK I VASSDRAGET.

Laget kan stå som tiltakshavar for vassdragstiltak, jf. Vassressurslova, i Suldalslågen. Vassdragstiltaket må gå fram av vedteken driftsplan, og dei naudsynte offentlege løyver må vera innhenta. Dersom det ikkje blir semje med aktuell grunneigar om tiltaket, er tilhøvet mellom Laget og grunneigar regulert gjennom reglane i laks- og innlandsfiskelova, vassresurslova og oreigningslova.

§ 14.    INNTEKTER OG UTGIFTER.

Det skal ikkje budsjetterast med inntekter større enn det som er naudsynt for å oppfylle Laget sitt formål. Dersom rekneskapen likevel skulle syne overskot skal dette setjast av i eit driftsfond.

§ 15.    UTMELDING / OPPLØYSING.

Det er ikkje høve til å melda seg ut av Laget.

Laget kan ikkje oppløysast før etter 10 år etter at jordskiftesak 8/97 er sett i kraft. Etter denne datoen kan det fattast vedtak om oppløysing av Laget med 2/3 fleirtal av eit ordinært årsmøte, etter at det har vore reist tilsvarande framlegg på førre årsmøte. Minst halvparten av andelane må vera representert. Møter ikkje så mange, kan framlegget vedtakast på nytt årsmøte med vanleg fleirtal rekna ut frå dei frammøtte.

Etter 10 år kan det og krevjast jordskifte for å få til ei ny ordning, eventuelt å få Laget oppløyst.

Ved oppløysing tilfell Laget sine aktiva medlemmane etter andel.

(Fastsatt i ekstraordinært årsmøte den 5. desember 2012.