Elveside/Vedtekter

Vedtekter for Lærdal Elveeigarlag SA

Vedteke på skipingsmøte 26.03.2015

Paal
fredag 01.juli 2016 / 09:22

§ 1 Lærdal Elveeigarlag SA

Lærdal elveeigarlag SA er ein samanslutning for elveeigarar med fiskerett i den lakseførande delen av Lærdalselva nedanfor Sjurhaugfossen. Lærdal elveeigarlag SA er ei vidareføring av foreninga Lærdal Elveeigarlag og oppretta og skal  drivast i samsvar med reglane i forskrift om pliktig organisering av vassdrag med anadrome laksefisk av 25.juni 2013. Kvar deltakar vert rekna som eitt medlem i laget.  Forretningskontoret er i 1422 Lærdal kommune.

 

§ 2 Føremål

Laget har som føremål å ivareta dei lovpålagde forvaltningsoppgåvene som er gjeve i lakse- og innlandsfiskelova med tilhøyrande forskrifter. Laget skal:

  • verne om fiskeressursane i elva i samarbeid med offentleg forvaltning
  • arbeide for godt fiskestell og tiltak for å fremje elva sin verdi som sportsfiskeelv
  • arbeide for medlemmene sine interesser i samband med anna bruk av vassdraget
  • vere kontaktlekk mellom laget sine medlemmer og andre som har med elva å gjere på og tale medlemmene si felles sak ovafor offentlege styresmakter og andre

 

Laget har ikkje erverv til føremål og den einskilde medlem disponerer sjølv eigen fiskerett, eventuelt i samarbeid  med andre medlemmer. All formidling av fiske skjer uavhengig av laget

 

§ 3. Ansvar

Laget er ein sjølveigande frittståande juridisk person med upersonleg og begrensa ansvar for gjeld. Laget har ikkje høve til å finansiere drift eller tiltak gjennom opptak av lån eller tilsvarande finansieringstiltak.

 

§ 4 Medlemskap

Alle med fiskerettar innanfor det området som er definert i § 1, er med i laget og må fylgje dei vedtak som blir gjort i laget .   Det er ikkje mogleg å melde seg ut av laget. Dersom ein eigedom blir delt og den frådelte parsellen får fiskerett, bli den frådelte eigedommen automatisk med i laget. Ved overdraging av fiskeretten / gardsoverdraging går medlemskapet automatisk over til ny eigar.

 

§ 5 Styre/dagleg leiar

Laget vert leia av eit styre på sju medlemmer med personlege varafolk.  Medlemmene i styret skal vere elveeigarar. Styremedlemmene vert valt for to år. Etter første året går 3 medlemmer med varafolk ut etter loddtrening. Seinare er skiftesvis tre og fire medlemmer på val kvart år.  Ved val av styremedlemmer skal det takast geografiske omsyn. Årsmøte vel styreleiar mellom dei valde styremedlemmene for eitt år.

Styreleiar skal ha funksjonen som dagleg leiar, jf.Samvirkelova § 65 og har signaturrett. Styret er vedtaksført når fire av styremedlemmer  til stades. Vedtak i styret vert gjort med simpelt fleirtal.  Ved likt stemmetal har leiaren dobbelstemme.

Styremøte skal haldast når leiar eller minst to styremedlemmer krev det. Innkalling til styremøte skal vere skriftleg og innehalde sakliste.

Styret vel nestleiar,kasserar og skrivar.

 

§ 6 Styret sine oppgåver.

Styret skal ivareta laget sitt føremål, og arbeide ut frå laget sine vedtekter og vedtak gjort på årsmøte og medlemsmøte. Styret skal forvalte laget si eige på ein forsvarleg måte til beste for elva.

 

§ 7. Årsmøte.

Årsmøte er laget sitt øverste organ. Ordinært årsmøte skal haldast innan 1.april kvart år. Årsmøte skal innkallast skriftleg med sakliste med 10 dagars varsel. Årsmøte vert leia av styreleiaren.

Berre  medlemmer har har stemmerett på årsmøtet. Kvart medlem har ei røyst. Medlemmer har høve til å late seg representere med fullmektig med skriftleg fullmakt. Ingen kan møte med meir enn ei fullmakt(gjeld ikkje på skipingsmøte). Vedtak på årsmøte vert fatta med simpelt fleirtal, jf.likevel §§ 13 og 14. Ved likt stemmetal har leiaren dobbelstemme. Avstemminga skal vere skrifteleg dersom nokon krev det.

 

Årsmøte skal:

  • godkjenne innkalling
  • velje skrivar og to medlemmer til å skrive under møteprotokollen
  • Registrere frammøtte/godkjenne fullmakter
  • behandle styret si årsmelding
  • behandle rekneskap
  • fastsetje medlemskontigent
  • fastsetje godtgjersle til styre sin leiar
  • velje styremedlemmer
  • velje leiar
  • velje to revisorar
  • velje valnemnd med leiar
  • velje styremedlemmer i stiftelsen bevaring av Lærdalslaksen
  • Velje representant og vararepresentant til fagrådet
  • Behandle andre saker som går fram av innkallinga.

 

§  8 Medlemsmøte

Medlemsmøte skal haldast når styret bestemmer det eller 10 medlemmer krev det. Om innkalling og vedtak gjeld samme reglar som for ordinært årsmøte.

 

§ 9 Valnemnd

Laget skal ha ei valnemnd med tre medlemmer som kvar sit tre år. Kvart år er eitt medlem på val. Årsmøte vel leiar som kallar saman nemnda seinast 15.februar kvart år.

Valnemnda skal innan 1.mars overfor styre  koma md framlegg til:

  • Styremedlemmer og varamedlemmer som er på val
  • styremedlemmer som er på vali stiftelsen forbevaring av Lærdalslaksen
  • representant og vararepresentant til fagrådet

 

§ 10 Møtereferat

Det skal førast møtereferat for styremøte, årsmøte og medlemsmøte som skal vere tilgjengelege  for laget sine medlemmer. Referat for styremøte skal underskrivast av dei som er til stades. På  årsmøte og medlemsmøte vert to medlemmer valde til å skrive under møtereferatet.

 

§ 11 Inntekter og utgifter

Det skal ikkje betalast andelsinnskot. Laget si drift vert finansiert ved medlemskontigent, fastsett av årsmøte, eventuelt offentlege og private tilskot. Purregebyr kan påleggast etter staten sine satsar. Styret har fullmakt til å tvangsinndrive ubetalt kontingent, jf. lov om tvangsinndrivelse § 25, 8 lekk.Det skal ikkje budsjetterast med inntekter større enn det som er naudsynt. Dersom rekneskapet likevel viser overskot, skal dette setjast av i eit driftsfond.

 

§ 12 Fangstregistrering/utøving av fiske/smitteførebyggjande tiltak

Alle som fiskar i elva, også elveeigarar, må fortløpande registrere fangstdata etter reglar fastsett på årsmøte. Elveeigararer er ansvarleg for registreringa.  Styret skal varsle Miljødirektoratet via fylkesmannen om manglande fangstrapportering eller dersom utleige ikkje skjer i samsvar med gjeldande lovverk. Styret syter for fiskeoppsyn i fiskesesongen og at det vert lagt til rette for og gjennomført smitteførebyggjande tiltak mot sjukdom/parasittar for alle som fiskar i elva.

 

§ 13. Oppløysing

Laget kan ikkje oppløysast før det eventuelt vert opna for det i forskrift om pliktig organisering av vassdrag med anadrome laksefisk av 25.juni 2013. I så fall kan det gjerast vedtak om oppløysing med 2/3 fleirtal av eit ordinært årsmøte, etter at det er komme tilsvarande framlegg på forrige årsmøte. Minst halvparten av deltakarane må vere representert på møtet. Møter ikkje så mange, kan framlegget vedtakast pånytt årsmøte med vanleg fleiral rekna ut frå møtande deltakarar.  Ved oppløysing skal aktiva i laget setjast i eit fond til fremme av laksefiske i Lærdal kommune.

 

§ 14 Endring av vedtektene

Endring av vedtektene kan vedtakast i årsmøte etter framlegg frå styret med 2/3 fleirtal, med mindre det etter Samvirkelova § 54 vert stilt strengare krav.

 

§ 15 Samvirkelova

Elles gjeld samvirkelova sine reglar.