Elva er delt i forskjellige soner. Ønsker man fiske, må man ta kontakt med de som selger fiskekort til den enkelte sone. Se kartoversikt.
Rett i Verdensarven
Nærøydalselva er ei krystallklar og stri ørret- og lakseelv som renner gjennom Nærøydalen og munner ut i Nærøyfjorden, som er en arm av Sognefjorden, ved Gudvangen. Nærøydalen står på UNESCOs Verdensarvliste på grunn av den storslåtte naturen. Elva er et nasjonalt laksevassdrag.
Oversikt over sone i kart.
Fisketilbydere i Nærøydalselva.
Fiskeregler
Fisketider 2023
Laks: fra 1. juli til 31. august
Ørret: fra 1. juli til 31. august
Midtsesongevaluering
Fra 20. juli - 9:15 til 20. juli - 9:15
Fiskereglar for Nærøydalselva
1. Fiskaren må ha kjøpt laget sitt nummererte dagskort/vekekort som viser leigetida, og namn på valdet. Dette kortet er personleg, og kan ikkje lånast bort til andre. Fiskar som ikkje kan visa gyldig fiskekort, skal visast bort frå elva. Fiskaren skal uoppfordra visa legitimasjon ved kontroll.
2. Elva er freda alle dagar frå kl.14.00 til kl 16.00. Fiskekortet er gyldig frå kl. 16.00 utskrivingsdagen, og fram til siste gyldige fiskedag, kl.14.00.
3. Oppsynsmennene har rett og plikt til å kontrollera at fiskarane fylgjer fiskereglane. Det same har alle fiskerettshavarar.
4. Alt utstyr skal desinfiserast før fiske. Alle godkjent av grunneigar/utleigar kan desinfisera utstyr. Desinfiseringsattest skal utfyllast, og visast ved kontroll.
5. Kvote laks:
All hofisk av laks skal sleppast fri. Det er berre lov å ta opp maks 1 hannlaks pr. sesong pr. fiskar.
Kvote aure:
Det er berre lov å ta opp 1 stk aure uansett kjønn pr. sesong pr. fiskar. Minstemål 45 cm (1,2 kg) for å ikkje beskatte blenskjer og førstegangsgytande. Maksmål 60 cm (2,5 kg) for å sikre nok førstegangsgytande, som har god gytesuksess.
Dette for å ta vare på, og opparbeide lakse- og aurestamma i elva. Fisken skal vera lett synleg under transport.
6.Påbod om å ha med målband.
7. Ved liten vannstand, mindre enn 6 på målestaven ved Bruhølen, er det berre flogefiske. I stryk der det er vanskeleg med flogefiske, kan det nyttast makk med enkel krok, maks nr. 4/0. I Makkholet og i fossen ved Kjeret, er det berre flogefiske. Ved lav vannstand er det fiskarens eige ansvar og plikt å følja med på dette. Ved å gå inn på NVE sin nettside og finne målestasjonen på Skjerping, og sjå på daglige oppdatering- sildre.nve.no. Fiskaren kan også kontakte utleigar eller fiskeoppsyn.
8. Om natta, mellom kl.22.00 – kl.08.00, er det berre lovleg med flogefiske. Ved alt flogefiske skal det kun nyttast flogestong.
9. Elveeigarlaget oppmodar alle fiskarar i mest mogeleg grad å setja ut all fisk som vert fanga.
10. All fisk skal registrerast til utleigar eller oppsyn. Det skal takast skjellprøve av all avliva fisk. Skjella skal inn i ein skjellprøvekonvolutt som fiskaren får hjå utleigaren . Den skal vera underskreven og fullstendig utfylt av fiskaren.
11. Det er ulovleg å fiska slik at det er sannsynleg at fisken kan krøkast. Krøkefri krok skal nyttast ved alt makkfiske.
12. Fiskarane er plikta å ha med ei krokløysartang, slik at fisken ikkje vert skada når den skal setjast ut att. Ved makkfiske skal det berre nyttast krok/ mottak som er inneklemt..
13. Fiske skal vera bevegeleg, max 1 time på kvar fiskeplass. Totalt tal stenger i elva er avgrensa til 40 stk. Dei som fiskar bes ta hensyn til kvarandre, spesielt ved motfiske.
14. Straffereaksjonar. Ved gjentekne eller alvorlege brot på fiskereglane, kan fiskaren verta bortvist frå elva for resten av sesongen, og eventuelt for fleire år frametter. Det er styret i elveeigarlaget som omgåande handsamar slike saker.
15. Alle fiskarar har plikt til å rydda opp etter seg langs elva.