Laks i Sandsfossen
Laksesprang i Sandsfossen i Suldalslågen. Foto: Tourist at home, flickr.
Norske Lakseelver/Historikk

Lakselederen fra Suldal

I løpet av de 25 årene Norske Lakseelver har eksistert, har organisasjonen hatt fire markerte ledere. Bjørn Moe fra Suldal var første leder, og satt fra 1992 til 2000. 

Paal
Dienstag 20.Juni 2017 / 10:47

 

Bjørn Moe, Suldalslågen, var første leder av Norske Lakseelver - fra 1992 til 2000.
Bjørn Moe, Suldalslågen, var første leder av Norske Lakseelver - fra 1992 til 2000.

Hva var det som gjorde at du ble engasjert i villaksforvaltning og villakspolitikk? – hvilken sak fra din elv?

Eg er fødd og oppvaksen på garden Mo i Sandsbygda like ved sida av  elva Suldalslågen. Slik fekk eg tidleg kontakt med laksefiskemiljøet, og interessa for laksen vart skapt.

Eg vart vald inn i styret i Suldal Elveigarlag på 1970 talet,  i den tida då Suldal kommune  stod framfor Nord Europa si største kraftutbygging,  Ulla Førre. Etter kvart vart eg   formann i laget. Her var det mykje å gripa tak i. Ein kamp for å  få Suldal Elveigarlag til å ha ei rolle i dei ulike fora som la grunnlag for at Suldalslågen også etter kraftutbygginga skulle vera ei god lakseelv. Det skulle takast 65% av vatnet vekk frå elva.

Suldal Elveigarlag oppnådde etter kvart verta ein viktig part i dette arbeidet, og vart lytta til.

Ei viktig sak var og å finansiere, og byggje, eit moderande klekkjeri som skulle produsere laksungar som kunne kompensere for reduksjon av laksestamma knytt til kraftutbygginga.

Hva var de viktigste sakene under din periode som styreleder?

Viktigaste var å etablera organisasjonen Norske Lakseelver. Eg vart vald inn i Bondelaget sitt «Utvalg for naturforvaltning» i 1989. I kjølvatnet av det starta førebuing og  oppbygging av organisasjonen,  fram til den vart stifta i 1992. Etter det brukte ein mykje tid og krefter på å koma på plass i dei rette fora, og vinna  tillit for å tala elveigarane og laksen si sak.  Særleg viktig var det på det politiske plan som Miljøverndepartementet, og ikkje minst i forhold til Direktoratet for naturforvaltning.

Hva er du mest fornøyd med?

Å vera med på  førebu og etablera/stifta Norske Lakseelvar.

Hvilken betydning har NL hatt for villaksen og elveeierlagene?

NL har hatt utrulig stor verdi for å samla elveigarlaga og gi dei den rette status i forvaltnings systemet. Gi elveigarane den rette sjølvkjensle, og  synleggjere for elveigarane sjølve og resten av samfunnet den viktige rolla og ansvaret  ein har som elveigar.

Hva tenker du om framtiden for villaksen?

På tross av alle truslane laksen må leva med, har eg tru på ei fortsatt framtid. Alle miljøorganisasjonane kan opptre i samla flokk og leggja større press på politikarane som sit med nøkkelen til framtida. Det dreier seg dessverre mykje om politikk, og ein får håpa at dei styrande tek såpass til fornuft og innser at me ikkje kan  «kjøpa tilbake» miljøet i framtida om ein tyner det  for langt nå.

I eit jubileumsskriv må det framhevast to viktige personar: Brynjulf Kristiansen i Norges Bondelag og Bjørn  Kristensen i Norges Skogeigarforbund. Dei skal ha stor ære for at me har Norske Lakseelver i dag.

Finn Erlend Ødegård gjorde som dagleg leiar i si tid i lag med styret, eit stort arbeid  med å forme organisasjonen og la den få den rette plass i forvaltning systemet. I tillegg eit godt arbeid for å utvikle næringa, og vise kva potensiale elveigarane har i ressursen sin.