Elveside/Vedtekter

Vedtekter for Bolstadelva AS

Paal

§ 1      Elveeigarlaget

Bolstadelva AS (seinare kalla laget eller foretaket)  er eit AS. Medlemmene har ikkje personlig ansvar for laget sine plikter. Medlemmene er andelseigarar i laget.

Bolstadelva AS skal overta og ivareta Bolstadelva Grunneigarlag sine oppgåver og interesser.Bolstadelva Grunneigarlag ligg derfor passivt så lenge Bolstadelva AS eksisterar.

Laget kan ha tilsett dagleg leiar og leiga inn sesongtilsette i tida det er opent for fiske i elva.

Kvart medlem sin aksjekapital er, og skal vere lik medlemet sitt eigarforhold i elva.

Foretaket har sitt forretningskontor i Voss kommune.

 

§ 2      Føremål

2.1.     Bolstadelva AS skal verna om lakse- og sjøaurebestaden i Bolstadelva   gjennom:

  • å gjere sitt beste for at tilhøva i Bolstadelva gir best mogeleg gyte- og oppvekstvilkår.
  • arbeida for at gyte- og oppvekstvilkåra elles i vassdraget er best mogeleg.
  • bidra til kultiveringsverksemd når eigenproduksjon i vassdraget er for dårleg.
  • Arbeida for at Vossolaksen får minst mogeleg tap på vandringsvegane

2.2.     Bolstadelva AS skal ivareta elveeigarane sine interesser ved å:

  • organisera fisket slik at inntekta til elveeigarane vert best mogeleg og slik at størst mogeleg verdiskaping vert att i bygda.
  • Leggja til rette tilhøva for fisket med brygger, fiskarhytter, skogrydding m.v. slik at det praktiske fisket og naturopplevingane langs elva vert best mogeleg.
  • Sleppa ålmennheita til i rimeleg grad slik at bygda og elva får eit positivt omdøme.

2.3 Laget skal føra ein rettferdig politikk overfor alle medlemene og alle delar av elva.

  • Fleirtalsfraksjonar pliktar å ta omsyn til mindretalssyn slik at uynskte motsetnader mellom elveeigarar vert unngått. Ved alle val på tillitsvalde bør medlemene leggja vekt på å velja representantar frå ulike delar av elva og ulike storleikar på elverettar.

2.4.     Bolstadelva AS kan invistere i fast eigedom og/eller andelar i andre føretak.

 

§ 3 Årsmøtet

3.1.     Årsmøtet er laget sitt høgste organ.

3.2.     Årsmøtet skal haldast innan utgangen av april.

3.3.     Styret sender skriftleg innkalling til årsmøte med minst 4 vekers varsel til kvar elveeigar  Sakliste, årsmelding og rekneskap vert sendt ut til medlemene ei veke før møtet

3.4.     Saker som elveeigarane vil ha opp på årsmøtet må meldast inn skriftleg til styret seinast 14 dagar før årsmøtet.

3.5.     I ordinært årsmøte skal følgjande saker behandlast:

  1. Val av møteleiar og to medlemmar til å underskrive protokollen
  2. Styret si årsmelding og rekneskap
  3. Godtgjersle til styret, evnt.kasserar, samt møte- og køyregodtgjersle til tillitsvalde.
  4. Disponering av årsoverskot etter innstilling frå styret
  5. Styret sitt  forslag til arbeidsplan og eventuelle administrasjonsavgifter for kommande år
  6. Val av styreleiar for eit år og styremedler som er på val
  7. Val av vararepresentant  til styret og representant til Bolstadøyri elvefond. Val av kasserar og to revisorar dersom rekneskapsførar ikkje blir leigd eksternt.
  8. Val av valkomité på 3 medlemer med 3 års valperiode, 1 på val kvart år.
  9. Årsmøtet bør og velja representantar til eksterne organ (som klekkeriet, Norske Lakseelver, Villaksråd osv.)
  10. Fastsetjing av eventuelt aksje utbytte.

3.6.     Årsmøtet behandlar dei  sakene som er sett opp i innkallinga.

3.7.     Berre  elveeigarar har møte- og stemmerett i årsmøte.  Ektefelle eller sambuar kan møta  og stemma utan særskilt fullmakt.

3.8.     Styret pliktar å kalla inn til ekstraordinært årsmøte dersom minst halvparten av elveeigarane gjer skriftleg krav om det.

3.9.     Utover årsmøta kan det haldast elveeigarmøte for gjensidig informasjon og råd mellom styre og elveeigarane. Slike møte bør innkallast med minst 1 vekes varsel.

            - Gyldige vedtak på elveeigarmøte er bindande for styret.

 

§ 4      Vedtaksreglar.

4.1.     Årsmøte og elveeigarmøte er vedtaksføre når minst 2/3 (16) av elveeigarane er møtt fram. Ved dårlegare frammøte krevst det at 12 (50%) av elveeigarne stemmer for.

4.2.     Ved avrøysting har kvar elveeigar 1 røyst om ikkje anna vert kravd. Personval med meir enn 1 kandidat skal vera skriftlege.

4.3.     Ved vedtektsendringar, viktige prinsipielle og økonomiske avgjerder og når minst 1/3 av dei frammøtte elveeigarane krev det, skal avrøystinga skje etter forholdstal med stemmefordeling etter §8.

§ 5      Styret

5.1      Styret (er elveeigrane sine tilitsvalde og) skal ivareta elveeigarane sine interesser og leia forhandlingar på vegne av elveeigarane. Styret skal vera eit sambandsledd mellom elveeigarane og andre interessegrupper.

5.2      Styret i Bolstadelva AS skal vera sett saman av 3 medlemer og 1 varamedlem valde for 2  år om gangen og med minst 1 styremedlem på val ved kvart årsmøte.

Ein av styremedlemmane vert vald som leiar av årsmøtet for eit  år av gangen.

5.3.    Styret vel sjølv skrivar. Denne har til oppgåve å skriva referat frå alle styremøte . Skrivaren skal og skriva årsmelding for laget.

Styret er ansvarlig for forvaltning og organisering av verksemda i laget, og skal bl.a.:

  1. Sørgja for kvalifisert regnskapsføring gjennom å leige tenester eksternt, når styret meiner dette er naudsynt.
  2. Leggja til rette for god økonomistyring og forvalting av kapitalen til laget
  3. Avgi årsmelding og rekneskap (eventuelt revidert).
  4. Utarbeida  forslag til budsjett og arbeidsplan for komande år
  5. Ajourføra medlemslister
  6. Organisera  utnyttinga av laget sine  fiskeressursar i samsvar med årsmøtet sine  retningsliner og med sikte på best mogeleg økonomisk utbyte for elveeigarane.
  7. Registrera  og rapportera fangst slik forvaltninga krev.
  8. Organisera  oppsyn og melde ulovlig fiske på laget sitt område.
  9. Ha ansvar for lønns- og arbeidsavtalar for tilsette i laget.
  10. Andelslaget forpliktar seg  ved underskrift av styret sin  leiar og ett anna styremedlem i fellesskap. Styret kan meddela prokura[1]. Dersom laget ikkje har tilsett dagleg leiar, har styreleiar denne funksjonen.

[1] En person som er meddelt prokura kalles for en prokurist. Prokuristen kan som utgangspunkt «opptre på vegne av foretaket i alt som hører til driften av dette» (prokuraloven § 1). Å meddele for eksempel daglig leder i et selskap prokura, er en praktisk ordning som gjør det mulig å foreta beslutninger i foretaket uten forutgående styrebehandling.

Prokura kan meddeles til flere personer, slik at den kan brukes i fellesskap, eller hver for seg. Dette skal i så fall angis ved meddelelsen.

Dersom virksomheten gjelder et registrert foretak, skal det, sammen med registreringen, i følge Lov om registrering av foretak av 21-06-1985, alltid fremgå «Hvem som representerer selskapet utad og tegner dets firma».

§ 6      Økonomi

6.1.     Bolstadelva AS har eigen bankkonto. Dagleg leiar og styreleiar disponerar kontoen.

6.2.     Kasserar (eventuelt dagleg leiar eller rekneskapsførar) legg fram rekneskap 14 dagar før årsmøtet. Styret kan til ei kvar tid gjere krav om å få rekneskapen framlagd.

6.3.     All godtgjersle til tillitsvalde og evntuelt . utbyte til medlemane  vert utbetalt ved utgangen av året

6.4.     Inntekter og utgifter vert fordelt mellom elveeigarane etter fordelingsnøkkel i §8

6.5      Det skal kvart år setjast av midlar til drift av laget. Summen vert fastsett av årsmøtet.

§ 7      Vedtektsendringar, oppløysing.

7.1.     Framlegg til endringar eller tillegg til vedtektene må meldast skriftleg til styret minst 14 dagar før årsmøtet og sendast frå styret til elveeigarane minst 1 veke før årsmøtet.

Vedtektsendringar krev 2/3 fleirtal på årsmøtet.

Ved oppløysing av laget skal Bolstadelva Grunneigarlag ivareta medlemane sine interesser

§ 8      Eigarfordeling og stemmefordeling ved forholdstalsval

Laget har fylgjande eigarfordeling (inkl. Inntekts- og utgiftsfordeling) og stemmefordeling.

SE i dokument.

vedtekter_bolstadelva_as_datert_24.02.2015.doc Vedtekter Bolstadelva AS