Verdens største atlantiske laks

Med utgangspunkt i en omfattende dokumentasjon av bestandssituasjon, trusselfaktorer og tiltak er det i tiårsperioden 2010-2020 iverksatt en redningsaksjon for Vossolaksen - verdens kanskje største atlantiske laks. Etter bestandssammenbrudd på slutten av 1980-tallet, og etterfølgende høyt innslag av rømt oppdrettslaks, var bestanden nær ved å bli utryddet.

Fiskekort kan du kjøpe her

Oversikt over soner i kart

Generell beskrivelse av fisket

Fisket i Bolstadelva er et FORSKNINGSFISKE og IKKJE EIT ORDINÆRT FISKE, så er det nokon spesielle retningslinjer. 

Sjå fiskereglar under.

Fiskeregler

Tekstboks: Følgjande reglar er fastsett for fiske etter anadrom laksefisk i Bolstadelva. 
Elva er opna for forskningsfiske. Det betyr at all fisk er freda og «fang og slepp» gjeld.
Alle som fiskar i Bolstadelva skal løyse fiskekort på Elveguiden www.elveguiden.no (Laksebørsen) før fiske startar. 
Rapportering av fangst skjer også via denne portalen. Alle som skal fiske i Bolstadelva  har plikt til å setja seg inn i gjeldande fiskereglar. 
Fiskereglar for Bolstadelva 

 

§ 1  Krav om fiskekort

Alle som skal fiska i Bolstadelva  må ha betalt fisketrygdavgift og ha gyldig fiskekort som skal kunna visast fram ved tilsyn. Nytt av året er at alle fiskara og skal ha Bolstadkortet som er personleg, og som skal brukast til å melda inn fiskeinnsats for kvar dag ein fiskar i elva.

 

§ 2 Fisketid
Bolstadelva er open for forskingsfiske etter laks i 2025 : f.o.m. 15. juni t.o.m. 31. august 2025. 

Sjøaure: er freda.

Elva er freda for fiske mellom kl. 00.00 - 06.00

 

§ 3  Krav om sertifisering

Alle som skal fiska under forskingsfiske i Bolstadelva, må gjennom ei sertifisering før fisket startar. 

 

Last ned appen "FiskeHjelp", eller gå på fiskehjelp.no og finn "Sertifisering"

 

§ 4 Innsjekking 

 

Forskingsfisket i Bolstadelva er basert på sjølvbetening.

Når ein kjem til elva skal ein skriva seg inn i  Innsjekkingsbua ved Bergagarden, hugs å skriv opp namnet på alle fiskara som nyttar kortet.

Når ein fiskar, skal ein ha med seg fylgjande utstyr som er tilgjengeleg i Innsjekkingsbua:

1) Scannar

3) Fiskehov

4) Flytevest

5) Konvolutt for skjelprøvar

 

 

Utstyret skal leverast tilbake i rett tid slik at det er klart til neste fiskar.

Kvar fiskar skal ha med seg mobiltelefon og utstyr for å måla lengda på fisken, samt egna tang til å ta ut krokar med.

 

 

§ 5 Desinfisering av fiskeutstyr

Det er  krav om desinfisering av alt fiskeutstyr om du har brukt fiskeutstyr i anna vassdragDokumentasjon av desinfisering legg ein inn i elveguiden (desinfeksjon Bolstad ID 10065).

Desinfisering er gratis, utstyr til dette finn ein i Innsjekkingsbua

 

§ 6 Reiskapsbruk og fiskemetode

- Ved fangst skal det nyttast knutelause håvar.

- Det er lov til bruk av ein treble krok med max krokstørrelse 8 og innknepte mothakar. Dette gjeld alle typar reiskap. Men me oppmodar fiskara om å bruka singelkrok under fisket.

 

Det er ikkje tillete å fiska med reke eller makk.

 

§ 7 Gjenutsetjing 
Villaks, finneklipt og PIT-merka laks skal setjast ut att. Laksen skal handsamast på ein varsam  måte og i tråd praksis vist i foldaren « Gjenutsetting av laksefisk, Fang og slipp!». Denne ligg ute på heimesida til laget. Ein kan også laste den ned via denne lenka:  https:  Gjenutsetting av laksefisk | Norske Lakseelver

Rømt oppdrettslaks og eventuell pukkellaks skal avlivast. 


       

      

 

 

 

§ 8 Avliving av fisk

Dersom fisken er såpass skada at den ikkje kan setjast ut att, skal den avlivast og leverast snarast råd til kontaktperson i Bolstadelva AS.

Avliva fisk vert levert til institusjon, barnehage, skular el.l.

Avliva fisk skal  bløggast så rakst som mogeleg, ikkje leggjast på bakken og unngå direkte kontakt med jord.
All handsaming av fisken skal gå føre seg med god handhygiene.
Fisken skal pakkast inn eller leggjast  i rein behaldar som er eigna for kontakt med næringsmiddel.

 

§ 9 Rapportering
All fangst skal fortløpande rapporterast på www.elveguiden.no 

All laks og sjøaure skal registrerast med lengde, kjønn, om den er feittfinneklipt og scannast for PITmerke.

Det skal takast skjelprøver av all fanga fisk. 

Skjelprøvar skal leverast i konvolutt i Innsjekkingsbua ved Bergagarden.
Feilrapportering eller mangelfull rapportering vert sett på som brot på fiskereglane, og handsam i tråd med reglane i § 11 (Straff). 

 

§10  Fiskevald og tilkomst

Kvar høl har 1-3 elvebåtar.

Det vert oppmoda om å fiska saman to og to for å kunna handsama fisken på best mogeleg måte.

 

 

Hugs bandtvang for hund.

 

 

Det er ulovleg å ferdast i jernbanesporet.

 

 

FORSLAG TIL 100 M SONE VED UTLAUPET TILBOLSTADELVA PR 19.02,2021

 

I ei fastsett 100 meters sone utanfor osen er det ulovleg for ålmenta å fiska frå båt. Grensa mot sjø er vist ved oppslag ved fjorden.

OBS, denne forbodssona er foreslått utvida, Sjå  ev nye oppslag.

 

  

§ 11 Straff
Brot på reglane eller medverknad til brot er straffbart. Regelbrot kan medføre utestenging, gebyr og melding til Politiet. Fiske kan ikkje gjenopptakast før ilagd gebyr er betalt. Gebyr for brot på fiskereglane er kr 4000,- 

Personar som har vist uakseptabel åtferd kan og bortvistast frå fiske i elva. Uakseptabel åtferd kan vera å ikkje i møtekommune oppsynet sitt pålegg, opptre truande eller sjenerande for andre fiskarar og grunneigarar. Bortviste personar er sjølve ansvarlege for å avstå frå fiske. Om dette ikkje vert overhalde, vil utestenginga utvidast. Manglande innlevering av skjelprøve kvalifiserer til gebyr på kr 1000 ,- per manglande skjelprøve. Eigar/utleigar/kortselgar har plikt til å kontrollere om fiskaren har løyst fiskaravgift i tillegg til gyldig desinfiseringsbevis. Verneting for tvistesaker er Voss Forliksråd og eller  Bergen og Nordhordland Tingrett.

 

§ 12 Verknad 
Desse reglane er vedtekne på årsmøte i Bolstadelva AS 12.04.2021 og trer i kraft frå 15. juni 2021. Reglane er oppdatert pr  15.04.2025.