Fortløpende utføre kultiveringstiltak i sidebekker
Beskrivelse
Sidebekkar/elver kan vere viktige stader for fiskeproduksjon og ofte er ikkje produksjonsgrunnlaget i desse utnytta optimalt. Det skal arbeidast for at flest mogeleg av desse vert tilgjengelege for produksjon av fisk. Inneber dette fysiske inngrep/tiltak skal det søkjast Fylkesmannen / NVE om dette. Det skal og arbeidast for at informasjon om dette kjem ut til alle grunneigarane langs elva, slik at desse vert verna for inngrep som kan vere til skade for produksjonstilhøve for fisk.