Oldenelva

I hjertet av vestlandet

Oldenelva ligg innerst i Nordfjorden omkransa av høge fjell. Elva er litt over 3 km lang og strekker seg frå fjorden og opp til Laukifossen. Der møter ein ei utfordrande og variert elv, med harde og raske stryk i nedre og midtre elv, medan ein i øvre del finn rolegare parti og hølar.

Les mer

Elva egnar seg godt til flugefiske. Vasstilførselen kjem hovudsakleg i frå bresmelting i frå Jostedalsbreen, dette medfører at ein får høg vassføring i elva på varme sommarsesongar når andre elvar elles har låg vassføring. Frå juni til siste del av juli er det hovudsakleg laksefiske som gjeld, i august kan ein oppleve godt sjøørretfiske. Elva har ei lang historie med sportsfiske der dei første engelskmennene starta det kommersielle fisket på 1870-tallet.