Foto: Falkeblikk AS
Forvaltning

Kva skjer med laks som gjenutsettast i sportsfiske?

NjaalGolf
Dienstag 07.Januar 2020 / 06:10

Kva skjer med laks som gjenutsettast i sportsfiske?

Ei bærekraftig forvaltning av laks samstundes med at ein driv eit aktivt sportsfiske krev ofte at fanga fisk settast ut att. Skal ein drive såkalla fang og slepp fiske, må ein samstundes være trygg på at dette ikkje skadar eller hemmar fisken som vert gjenutsett. I Lærdalselvi må fisk gjenutsettast for å sikre nok fisk på gyteplassane om hausten, og gjennom forskning finansiert av Regionalt Forskningsfond Vestlandet (ViLL prosjektet, nr 248062) har ein no gode data på om gjenutsatt fisk vert fanga på nytt. Samanlikna med andre elvar i Norge vert ein liten andel fisk fanga fleire gonger i fiskesesongen (<5% totalt), og fisken som vart gjenutsatt utgjorde ein stor del av gytebestanden som stod att på elva. Ein stor andel av laksen i elva vert fiska ein gong, men få fleire gonger. Samstundes gjer låg vasstemperatur, begrensningar i reiskapsbruk og kompetente fiskarar sitt til at fisken overlev etter gjenutsetting. Denne kunnskapen er no publisert internasjonalt (lenkje under), og med uvurderleg hjelp frå elveeigarar og sportsfiskarar i Lærdalselvi har ein no god dokumentasjon på at forvaltninga av elva fungerar etter hensikta.