Eidselva
Sportsfiske/Fangst

Nye fiskereglar og forvaltningskort frå 2022

Årsmøtet har vedteke tre sett av fiskereglar for sesongen 2022 som betyr at det er ulike reglar for Eidselva, Hornindalsvatnet og Storelva. Nytt for sesongen er at årsmøtet også vedtok å innføre forvaltningskort for heile vassdraget.

Paal
onsdag 04.mai 2022 / 12:36

Årsmøtet vedtok å inngå samarbeid med Elveguiden. Dette er ei digital løysing og eit nyttig verktøy for forvaltningslaget i arbeidet med forvaltninga av vassdraget.

Desinfisering av både fiskeutstyr og båtar/kanoar m.m. har vore og er ei stor utfordring for eit så langt vassdrag. Elveguiden har gode løysingar for registrering av desinfisering. Når fiskaren har desinfisert fiskeutstyr m.m. kan dette registrerast på elveguiden.no. Ein vil då få ei elektronisk kvittering for desinfiseringa. Ved oppsyn er det enkelt for fiskaren å vise dette til dei som går oppsyn, og det vil gjere oppsynet langs heile vassdraget enklare.  

Nytt for sesongen er at årsmøtet også vedtok å innføre forvaltningskort for heile vassdraget. Det betyr at alle frå 18 år skal betale ei årleg forvaltningavgift (eingongsavgift) til laget. Dette gjer ein ved å registrere seg/logge inn på elveguiden.no – her finn ein forvaltningskoret på framsida. Det ligg mange vurderingar til grunn for innføring av forvaltningskortet. M.a. vil registrerte forvaltningskort gje eit oversyn over tal fiskarar i vassdraget i løpet av året, kartlegge fisketrykket i vassdraget til ei kvar tid, gje oversikt/ kontroll med desinfiseringa, oversikt over utført fiskeoppsyn, rask kommunikasjonskanal, og oversikt over evt. midlar til forvaltning av vassdraget. For å kunne registrere fangst må ein altså ha betalt forvaltningavgift (forvaltningskortet).

Prisane for forvaltningskortet er:

Eidselva kr 100,- (Omfattar heile vassdraget)

Vatnet kr 20,- (Omfattar KUN Hornindalsvatnet)

Storelva kr 50,- (Omfattar Storelva og Hornindalsvatnet)

Personar under 18 år treng ikkje betale forvaltningavgift.

All registrering og betaling skjer på Elveguiden.no

Fiskarar som ikkje kan/vil registrere seg på Elveguiden må få fangsten registrert av andre. Dette kan være fiskerettshavarar (som har registrert seg), eller andre fiskarar som har tilgang til elveguiden, registrerer fangsten for vedkomande.