Nyhetsbrev

Meld deg på Norske Lakseelvers nyhetsbrev
Klart
10 °C
VSV
0.8 m/s
70.2m3

Gaula i Sunnfjord - Oppsyn

Vi ønskjer at fiskarane skal følgje dei reglane som er sett for Gaula, og at det oppsynet som vert drive skal ha stort fokus på informasjon og dialog med dei som fiskar i elva. Den einskilde fiskerettshavar har ansvar for oppsyn på eigen rett. Årsmøtet tek kvart år stilling til om det skal organiserast eit lokalt oppsyn med ansvar for anadrom del av Gaula. Om ulike tilhøve krev det skal laget lage ordningar på lokalt oppsyn med eigen oppsynsinstruks. Utover dette tek laget sikte på god dialog og godt samarbeid med lokalt politi og statens naturoppsyn for oppsyn i elva. Personane skal tilfredsstille kravet til å ha avgrensa politimynde.