Etter ei totalvurdering gjennom vinteren, har vi gleda av å invitere til forskingsfiske i Bolstadelva i perioden 15.06-31.08.2024- Det vert sal av gruppefiske frå 15.06-21.07, og i denne perioden og perioden etter 21.07 vert det sal av dagskort på elveguiden.no.
Dagskortsalet opnar 15.04.2024, etter at gruppene er fordelt. Elveguiden sel ikkje fiskekort til grupper.
Det blir også i år forskingsfiske i Bolstadelva frå 15.juni til og med 31.august. Inntil 50 % av fisket kan bestillast av grupper, avgrensa til perioden 15.juni -22. juli. Gruppesal startar 15.02.2022. For meir informasjon ta kontakt på bolstadelva.as@gmail.com.
Oppdatering:
Arbeidet med felles organisering av vassdraget er godt i gang, og godkjent av Fylkesmann/Miljødirektoratet. Fisketid i Eidselva vil i 2021 bli som tidligare år: 01.06 - 31.08.
Miljødirektoratet har føreslege stans i fisket i Eidselva og resten av Hornindalsvassdraget neste år grunna manglande organisering. Eid Elveeigarlag har arbeidd mykje med organisering i Eidselva og har eit bra opplegg her og ei god rapportering. Dette er ikkje nok lenger og kravet om felles forvaltning for heile den lakseførande delen av vassdraget skal no handhevast.