Nausta
Nausta
Forvaltning/Bekkeløp

Naustakortet gir tiltak i elva

Styret valgte i fjor å innføre Naustakortet i samarbeid med Elveguiden. Prosjektet har vært vellykket.

Paal
Torsdag 27.mai 2021 / 09:15

Bakgrunnen for Naustakortet er at miljødirektoratet ønskte ei oversikt over fisketrykk i elvane og meir data på kven som fiskar. Oppsynet ville og ha på plass ei ordning der fiskarane kvitterer for fiskereglane. Dette er viktig ved eventuelle regelbrudd. Norske Lakseelver har i samarbeid med Elveguiden utvikla elvekort, som Naustakortet, til eit endå bedre verktøy. Det bli tatt i bruk elvekort i fleire elver denne sesongen.

Naustakortet  gav om lag 22 000 i bidrag til kultivering og rekruttering. Desse pengane gjekk uavkorta til restaurering av Bærelva. Det blei gravd ut gamle hølar og fjerna oppgangshinder. Dette er eit nærmiljøprosjekt som er delfinansiert av Statsforvaltaren i Vestland. Naustdal skule ved friluftslivklassen er involvert og har deltatt på el-fiske. Planen er at dei skal legge ut gytegrus og være med på el fiske framover. Det jobbes og med å involvere dei to barnehagane som ligg ved elva.

Her kan du lese en pdf som gir oversikt over prosjektet i Bærelva.