Lærdal
Bilde: Stine Kvam Golf

Fiskereglar 2021

Sjøaurefiske: Det vert sjøaurefiske i Lærdalselvi i 2021. Sjøaurefiske vert frå  01.06  til og med 31.08.21.

NjaalGolf
Tirsdag 04.mai 2021 / 09:35

Styret har tiltru til at dei enkelte valda sjølv vurderer når det er fornuftig å starte sjøaurefiske. 

Elveeigarane må vera tydeleg på at det berre er lov å fiska etter sjøaure. Og at fiske må utøvast  i tråd med dette.

Det er kun tillate å fiske med fluge der flugelina utgjer kastevekta, i heile elva, heile fiskesesongen. Det er ikkje tillate å fiske med dobb og fluge.

Uttaket skal avgrensast til fisk mellom 45 cm (ca 1,2 kg) og 60 cm (ca 2,5 kg). All sjøaure som blør fra gjellene, skal avlivast. Sjøaure som må avlivast på grunn av skade eller ved overlegg, og som er utanfor angitt storleik som kan uttakast, (jf. ovafor), skal rapporteres straks og innleverast til elveeigar. Sjøauren skal ikkje leverast attende til fiskar.

Dersom ein ved sjøaurefiske får på laks, skal denne setjast tilbake i elva.

All laks som blør fra gjellene, skal avlivast. Laksen som må avlivast på grunn av skade, skal rapporteres straks, og innleverast til elveeigar. Laksen skal ikkje leverast attende til fiskar.

Det skal ikkje takast laks ut av dalen.

Styret i Lærdal elveeigarlag oppfordrar til at mest mogleg fisk vert sett ut att i elva, sjølv om den lov å ta opp.

 

Styret.