Laksen er på veg
Sportsfiske/Fiskeregler

Fiskereglar for 2020

Fiskereglar i Nausta for 2020

JohanOspehaug
Lørdag 23.mai 2020 / 07:55

Fiskereglar Nausta 2020
Følgjande reglar er fastsett for fiske etter anadrom laksefisk i Nausta. Frå og med 2020 skal alle som fiskar i Nausta løyse Naustakortet. Dette kostar 50 kr, og er eit ledd i arbeidet med å skaffe oversikt over fisketrykket i elva. Midlane vert øyremerkt til rekrutterings- og forvaltningstiltak i elva. Alle som skal fiske i Nausta må kvart år registrere seg i www.elveguiden.no (Laksebørsen) før fiske startar. Rapportering av fangst og kjøp av Naustakortet skjer også via denne portalen. Alle som skal fiske i Nausta har plikt til å sette seg inn i gjeldande fiskereglar. Informasjon om innleveringspunkt og desinfiseringsstasjonar ligg på vassdragets heimeside i portalen: www.lakseelver.no.

 

§ 1. Fisketid
Laks: f.o.m. 1. juni t.o.m. 31. august. Sjøaure: f.o.m. 22. juni -t.o.m. 8. august.

 

§ 2 Reiskapsbruk og fiskemetode
Til fangst av anadrom laksefisk er det berre tillate å bruke stong. Det kan berre nyttast ein reiskap per person, eitt snøre per reiskap og eitt agn per snøre. Reiskapen skal ikkje forlatast under fiske. Lovleg fiskereiskap er fluge, sluk, spinner, wobbler og mark. Det er forbode å fiske på ein slik måte at fisken truleg vil krøkast. Avstanden mellom krokstammen og krokspissen skal ikkje vere større enn 13 mm, for enkeltkrok ikkje større enn 15 mm. Det er ikkje tillate å bruke søkke ved anna enn markfiske. Nausta elveeigarlag oppfordrar til bruk av sirkelkrok ved markfiske. Ved bruk at floge som agn, er det dupp eller snøre som skal utgjere kastevekta.

 

§ 3 Gjenutsetting og innlevering
Fisk som skal settast ut skal handsamast på ein skånsam måte og i tråd praksis vist foldaren « Gjenutsetting av laksefisk, Fang og slipp!». Denne ligg ute på heimesida til laget. Ein kan også laste den ned via denne lenka: https://lakseelver.no/nb/news-2016/gjenutsetting-av-laksefisk. For å redusere skadar på skjell og slim, skal det nyttas knutefri hov. Alle fiskarar skal ha kroktang samt innretning til å kontrollere lengda på fisken med.
Fanga villaks utover kvoten skal leverast til Naustdal- alders og sjukeheim. Kontakt Eiliv Erdal (90521997). Følgjande retningsliner gjeld:
• Fisk skal bløggast så rakst som mogeleg
• Ikkje legg fisken på bakken og unngå direkte kontakt med jord
• All handsaming av fisken skal gå føre seg med god handhygiene
• Fisken leggast i rein behaldar som er eigna for kontakt med næringsmiddel
• Om ikkje fisken kan transporterast til mottak med ein gong, må fisken kjølast ned/frysast midlertidig. Krav til kjølelagring er maksimalt 4 grader celsius. Fryselagring skal skje ved -18 grader celsius eller kaldare

 

§ 4 Kvotar og rapportering
Laks: Personleg døgnkvote på avliving av 1 villaks. Fiske skal avsluttast straks døgnkvota er nådd. Kvota for villaks er todelt:
Laks t.o.m. 65 cm: Det er personleg døgnkvote på avliving av 1 villaks med lengd t.o.m. 65 cm. På fiskerettane under, er personleg kvote erstatta med døgnkvote for fiskeretten:
• For den delen av fiskeretten til Elinor Friis, Mads Kleven og Eiliv Erdal under
Naustdalsfossen som vert leigd ut samla, er det ei samlekvote på 8 villaks per døgn.
• Under Hogafossen er samlekvoten på 2 villaks per døgn.
• Under Hovefossen er samlekvoten på 6 villaks per døgn (Frank Rune Ås og Ole Magnus
Klopstad).
Laks over 65 cm: Det er sesongkvote laks over 65 cm. på 45 villaks for heile elva. Desse vert
fordelt med 15 villaks nedanfor Naustdalsfossen, 15 villaks ovanfor Naustdalsfossen til og med
Hovefoss og 15 villaks på strekninga Hovefoss til og med Kallandsfoss.
Kvoten for villaks over 65 cm. vert vurdert i samråd med NINA og Fylkesmannen gjennom
sesongen. Om det syner seg at det er grunnlag for endring i kvoten, vert alle medlem i laget
informert om dette. Medlem skal kommunisere eventuelle endringar ut til fiskarane straks dei har
fått slik melding. Når kvota for villaks over 65 cm. er nådd, vil dette bli opplyst om på
elveeigarlaget si nettside og informasjonstavle ved Naustdalsfossen.
Sjøaure: Personleg døgnkvote på avliving av 1 sjøaure. Sjøaure over 50 cm skal setjast ut igjen.
Fisketid for sjøaure er 22. Juni til 8. august.
All fangst skal fortløpande rapporterast inn på www.elveguiden.no , dette mellom anna for å styre
kvotering av laks over 65 cm. Det skal takast skjelprøver av all fanga fisk. Desse skal leverast leiar
i laget innan 15.9.2020. Feilrapportering eller mangelfull rapportering vert sett på som brot på
fiskereglane, og handsam i tråd med reglane i § 6 (Straff).
Fisk som blir tatt opp og avliva utover kvoten skal leverast til Naustdal alders- og sjukeheim (Sjå
retningsliner § 3).

 

§ 5 Desinfisering
Alt utstyr som skal nyttast til fiske i Nausta skal desinfiserast før ein startar fiske. Kvittering skal
på forlangande visast fiskeoppsyn.

 

§ 6 Straff
Brot på reglane eller medverknad til brot er straffbart. Regelbrot kan medføre utestenging, gebyr
og melding til Politiet. Fiske kan ikkje gjenopptakast før ilagd gebyr er betalt. Gebyr for brot på
fiskereglane er kr 4000,- med unnatak for brot på kvote eller medverknad til dette, som er kr
8000,-. Personar som blir teke for kvotebrot, bortvisast frå fiske i elva i 2 år. Personar som har
vist uakseptabel åtferd kan og bortvistast frå fiske i elva. Uakseptabel åtferd kan vere å ikkje i
møtekommune oppsynets pålegg, opptre truande eller sjenerande for andre fiskarar og
grunneigarar. Bortviste personar er sjølve ansvarlege for å avstå frå fiske. Om dette ikkje vert
overhalde, vil utestenginga utvidast. Fiske når vassdraget er midlertidig stengd straffast på lik line
med brot på kvote. Manglande innlevering av skjelprøve kvalifiserer til gebyr på kr 1000 ,- per
manglande skjelprøve. Eigar/utleigar/kortselgar har plikt til å kontrollere om fiskaren har løyst
fiskaravgift i tillegg til gyldig desinfiseringsbevis. Verneting for tvistesaker er Sunnfjord
Forliksråd og eller Sunnfjord Tingrett.

 

§ 7 Ikraftreden
Desse reglane trer i kraft 26. Mai 2020.