Sandsfossen
Suldalslågen Sandsfossen Fotograf: Edvin Bakka@2017
Sportsfiske/Prosjekt

Camp Villaks 2020 - Suldalslågen

KnutHelland
Lørdag 22.februar 2020 / 04:00

Det vert arrangert Camp Villaks i Suldalslågen i 2020. Årets Camp føregår i øverste halvdel av elva, på strekket Lunde - Tjøstheim - Lindum, i tida 02. - 04. august. Det vert overnatting i nærleikjen av Lindum Camping. Campen er for jenter og gutar i alderen 14 - 18 år. Tidlegare års deltakerar vert plassert på venteliste, dette for at nye deltakerar skal få mulighet til å delta. Meir informasjon om påmelding kjem seinare. Følg med på Facebook sida "Camp Villaks Suldalslågen" for meir informasjon