Etnevassdraget strekkjer seg frå Etnefjorden og austover med ei grein gjennom Storedalsvatnet og inn mot indre Etnefjella, og ei grein gjennom Litledalsvatnet og inn mot Sørfjellet.
Styret i Etne Elveigarlag har bede leiaren og sekretæren om å gjennomføra det praktiske med evalueringa , og å gi ei tilråding til styret. Evalueringa vart gjennomført etter standard metode pålagd av Fylkesmannen med teljedato 8.juli. Fagrådet har etter eige ynskje vore representert i prosessen.
Tallmaterialet hittil i år gir ein prognose for forventa gytebestand som ligg over gytebestandsmålet på 1025 kg.hofisk ved sesongslutt, basert på normalt tidspunkt for oppvandring.
Registreringar i fiskefella frå tidlegare år viser god oppgang av laks også etter sesongslutt.
Elveigarlaget ser difor ikkje grunn til å gjennomføra andre fangstregulerande tiltak utover det som framgår av fiskereglane.
Det er grunn til å undrestreka viktigheten av å ta vare på dei store hofiskane , og oppmodar fiskarane til gjenutsetjing. Ellers minner me om at etter 15 juli skal all villaks over 100 cm gjenutsetjast.