Nyhetsbrev

Meld deg på Norske Lakseelvers nyhetsbrev
Heavy rain
10 °C
SSV
11 m/s
12.6m3
05:47
18:11
11:58
00:54

Er du klar for ny fiskesong

Velkomen til den nye heimesida for Eidselva. Som før er denne sida drifta av Eid Elveeigarlag og Eid Sportsfiskelag. Sida er flytta inn under paraplyen til Norske Lakseelver og de kjem inn enten ved å gå på eidselva.no som før eller via lakseelver.no og velge Eidselva under elver i menyen.

Vi er i ein startfase og håpar å verte betre etterkvart.

Fisket startar som før 1.juni og alle er hjarteleg velkomne til å prøve lukka. Kanskje er det du som får storlaksen på kroken denne gongen.

Fiskereglar og kvotar finn de under fana elva vår og i undermenyar nede på sida. Sjå dykk litt rundt på dei ulike sidene så finn de mykje nyttig info

Som de ser under fana desinfeksjon er det i år 2 stasjonar, på Nesjartun Camping og på Cirkle K. Det er berre Nesjartun som har utstyr til desinfeksjon av stort utstyr som kanoar o.l.

Kom gjerne med tilbakemeldingar både positive og negative - vi er interessert i at alle skal ha ei flott stund langs elva og reise derifrå med gode minner.

For 2 år sidan hadde vi noko innslag av pukkellaks, men ikkje i fjor. Informasjon og tilbakemelding om slike funn set vi stor pris på å få straks det vert oppdaga