Nyhetsbrev

Meld deg på Norske Lakseelvers nyhetsbrev
Klart
3 °C
ØSØ
2.2 m/s
6.4m3
01:18
13:28
07:01
19:31

Fortsatt fiske

kariholen_3.jpg

Midtsessongevaluering
Etneelva, frå Karihølen - Foto: Kurt Birger Hagen

Det blir fortsatt ope for fiske.

Etter innsamling av tilgjengelege tal og informasjon, 
er styret kommen fram til at det fortsatt vil vera ope for fiske.

Vi ser og høyrer uro for sesongen. 
Vi har hatt tidenes varmaste Mai, Etne sette Norgesrekord for Mai.
Om eg ikkje tar heilt feil vart det 32,7 grader varmt.
Detta kom brått, 
og med ein vinter som ikkje la ned noko særs med snø, var der ikkje mykje kaldt smeltevatn heller,

Vidare utover sommaren har vi no hatt tidenes tørraste Juni og Juli.
Ikkje på ein mannsalder eller to, seie dei, har det vore tørrare.

Dette ser vi på elva óg, lite og klart vatn.
Fisken kjem opp, men er sky og forsiktig.
Vi må nok kunne kalla det eit år med sein oppgang.
GBM, Gytebestandsmålet, ser vi når over 200%.

Med så lite vatn og sky fisk, som er vanskeleg å få.
Ryktast det at "fiskarar" tyr til desperate metodar i andre elvar.
Vil difor minna om reglane og at huking med stor krok ikkje er tillat.
Håpar og vonar slikt ikkje skjer i Etne. 
Nyt naturen, ver sportsleg, eg kjenner jegarar som kan sitte på post å berre nyta dei flotte dyra.
Om fisken som ligg der i kulpen ikkje vil bita, nyt synet, gje han sigeren, og lov han omkamp.

Kurt
Etne Elveigarlag.