Nyhetsbrev

Meld deg på Norske Lakseelvers nyhetsbrev
Partly cloudy
16 °C
SSØ
4.9 m/s
3.9m3
01:05
13:23
07:00
19:25

God Start på årets Laksefiske i Etneelvo.

ragnhild_risan_2016.jpg

Ragnhild Risan, Etneelvo, 2016
Ragnhild Risan, klar for nok ein dag i Etneelvo. Har hatt fine dager, men vil minna alle om å ta med seg boss heim eller til ein oppsamlingsplass. Det vil vera med å auka opplevinga langs elva for alle. - Foto: Vidar Børretzen

God start på årets laksefiske i Etneelvo.


Før sesongstart 15. juni viste registreringar i fiskefella god oppgang.
Men sjølv om det var godt med fisk i elva , svarte ikkje dei første fiskedøgna av årets sesong heilt til forventningane. 
Dette skuldast låg vassføring.

Men så; etter nokre dagar kom regnet og fisket tok seg opp,
og etter tre vekers fiske viser det seg å vera ein god start på årets fiskesesong.

Fangstane fordeler seg jevnt over heile elva , og største laksen som er teken er på 13,3 kg.
Pr. 5. juli viser laksebørsen ein totalfangst på 251 stk. med snittvekt på 4,5 kg. 
Det er teke heile 20 storlaks.
Dersom 80% av fangstane vert registrert på laksebørsen , er det hittil i år teke omlag 300 laks.

 

Svært god tilbakevandring.


Tal frå fiskefella viser god tilbakevandring i år , og pr. 7. juli er tala som følger:

Villaks 1245 stk, Aure 518 stk og oppdrettslaks 83 stk.
Tilsvarande i fjor var:
Villaks 374 stk, Aure 417 stk og oppdrettslaks 18 stk.

Dette er svært gledelege tal ,
- og me meiner at no ser me resultatet av at me på eige initiativ har stengd elva for fiske, i fire  av dei siste seks åra.

No gjeld det å forvalta denne unike resursen på ein ansvarleg måte, til nytte og glede for alle, og framtida.

Den store auken av rømd oppdrettslaks gir grunn til bekymring.

 

Ein særs nøgd fiskar.


Ragnhild Risan har fiska på dei fleste sonane i Etneelva sidan 1988 og seier ho hittil er kjempenøgd med årets sesong.
Ho innrømmer at ho er over normalt interessert og har fiska nesten kvar dag sidan opninga.
Hittil i år har ho teke heile ni laks utan at det er så viktig , opplevelsen og miljøet er viktigare.


Ho er einig i ein klar fangstbegrensing og synest at ein døgnkvote på to laks er heilt ok.
Ho er òg er einig i dei grep som er gjort for å ta vare på Etnelaksen.

Ho meiner òg at det er viktig å respektera kvileperioden, mellom kl. 17 og 18.
Og minner mot slutten av samtalen om at fiskarane må ta med seg sitt eige boss,
- slik at ein kan ha ei god oppleving på elvebreida sjølv om ein ikkje får fisk.   


Bilde av Ragnhild som gjer seg klar til kveldens fiske.

Av: V. Børretzen
Foto: V. Børretzen