Nyhetsbrev

Meld deg på Norske Lakseelvers nyhetsbrev
Partly cloudy
16 °C
SSV
3.8 m/s
12:31
00:40
06:20
18:34

Fiskeregler Nausta

Fiskeregler Nausta

Fisketider

Laks

Laks: 
fra 1. juni til 31. august

Ørret

Ørret: 
fra 22. juni til 8. august

Fiskereglar i Nausta for 2019

I starten av sesongen oppfordrar Nausta elveigarlag til at all fisk som ikkje er skada vert satt ut igjen, inn til vi veit kordan innsiget vert.


1.Fiskesesong

  • Villaks - 1. juni til 31. august
  • Sjøaure - 22.juni til 8. august

2. Fiskereiskap

Lovleg fiskereiskap er fluge, sluk, spinner, wobler og mark
- Laget oppfordrar til bruk av «sirkelkrok» ved markfiske.
- Det skal kun nyttast knutefri håv, for å redusere skadar på skjell og slim på fisken som vert sett ut at.
- Som i fjor skal alle fiskarar ha kroktang.

3. Kvotar

Laks

Personleg døgnkvote på avliving av 1 villaks. Fiske skal avsluttast når døgnkvota er nådd. Som tidlegare år er det ein todeling av kvote for villaks:

Laks t.o.m. 65 cm

Det er ein personleg døgnkvote på avliving av 1 villaks med lengd t.o.m. 65 cm. På fiskerettane under er personleg døgnkvote erstatta med døgnkvote for fiskeretten:
- For den delen av fiskerettane til Ellinor Friis, Mads Kleven og Eiliv Erdal under Naustdalsfossen som vert leigd ut samla er det ein samlekvote på 8 villaks
- Under Hogafossen er samlekvoten 2 villaks
- Under Hovefossen er samlekvoten 6 villaks ( Frank Rune Ås og Ole Magnus Klopstad)
- På fiskeretten til Steffen Veien er samlekvoten på 5 villaks

Laks over 65 cm

Det er ein sesongkvote for laks over 65 cm på 45 laks for heile elva som vert fordelt med 15 laks nedanfor Naustdalsfossen, 15 laks ovanfor Naustdalsfossen t.o.m. Hovefoss og 15 laks ovanfor Hovefoss t.o.m. Kallandsfoss.
Kvoten på laks over 65 cm vil bli vurdert i samråd med Nina og fylkesmann gjennom sesongen. Viser det seg at det er grunnlag for å utvide kvoten, vil du som medlem få melding om dette.
Når kvoten for laks over 65 cm er nådd, vil dette bli opplyst om på elveigarlaget si nettside og informasjonstavle Naustdalsfossen. All fisk over 65 cm som blir tatt opp utover kvoten, å vert avlive må leverast til Naustdal alders og sjukeheim. Ved evt. spørsmål, kontakt Eiliv Erdal på telefon 90 52 19 97.

Sjøaure

Det vert i år opna opp for personleg døgnkvote på avliving av 1 sjøaure, sjøaure over 50cm skal settjast ut igjen. Fisketid for sjøaure er 22. Juni til 8. august.
NB! All fangst skal fortløpande rapporterast inn på scanatura.no, dette bla. for å styre kvotering av laks over 65 cm. Manglande innrapportering av fangst vil bli meldt til miljødirektoratet, kan i ytterste konsekvens føre til utestengelse av fiske på den aktuelle retten.

4. Fiskeoppsyn

Ordninga med fiskeoppsyn vert vidareført i 2019.

5. Desinfisering

Alt av fiskeutstyr skal desinfiserast før ein startar fiske i Nausta. Kvittering skal framvisast til fiskeoppsyn. 

 

Styret beklagar sein oppdatering av fiskereglane og tildeling av kvotar. Dette heng saman med manglande data til NINA frå Skandinavisk naturovervåking.

Ved spørsmål, ta kontakt med Eiliv Erdal på telefon 90 52 19 97.