Nyhetsbrev

Meld deg på Norske Lakseelvers nyhetsbrev
Klart
10 °C
VSV
0.8 m/s
69.7m3

Torpedolaksen i Fosselandet

Gaula startar høgt oppe på fjellet, men det er dei nedste 15 kilometrane som utgjør det anadrome strekket av elva. Laksetrappa nedst i Osfossen vart bygd allereie i 1871 og er den eldste i landet. Det er fire markerte fossar i den anadrome delen av elva og i alle desse er det bygd laksetrapp.

Gaula ligg i Gaular kommune i Sunnfjord i Sogn og Fjordane og renn ut inst i Dalsfjorden. Vassdraget har eit nedbørsfelt på 627 km2 og ei årleg middelvassføring på 42.6 m3/s. Med sine 28 fossar blir vassdraget ofte kalla Fosselandet. Gaula er nasjonal lakseelv og Dalsfjorden er nasjonal laksefjord.

Gaula er i sin heilskap varig verna mot kraftutbygging i verneplan IV og er soleis underlagt ein del rikspolitiske rettingsliner. Total anadrom elvestrekning i vassdraget er omlag 15 km og dette utgjer eit anadrom elveareal på 1.020.000 m2.

Vassdraget ligg i hovudsak i Gaular kommune, men deler av vassdraget ligg i kommunane Førde, Balestrand, Høyanger, Fjaler og Jølster. Dei øvste delane av vassdraget er delt i to greiner. Den sørlege greina kjem frå Gaularfjellet og renn ned Eldalen til Viksdalsvatnet som ligg midt i vassdraget. Den nordlege greina har sitt utspring i sørvestlege delar av Jostedalsbreen nasjonalpark og kjem frå områda mellom Grovabreen og Jostefonn. Denne greina renn ned Haukedalen og til Viksdalsvatnet. Herfrå renn hovudelva vestover og endar i sjøen i Osen inst i Dalsfjorden.

Osfossen sperra tidligare for all oppgang av anadrome fiskeartar, og fisket i Gaula på 1830-tallet utgjorde omlag 1000 kg årleg, men fangsttala varierte mykje. For å bøte på dette, vart det bygd ein laksetrapp som gjer det mogleg for laksen å passera den 11 meter høge fossen. I dag er fangstane mellom 2000 og 5000 kilo årleg.

Trappa i Osfossen er Noregs eldste ”kulpetrapp” og var bygd i 1871. Trappa er 11 meter høg og har 16 avsatsar med 1 til 1,22 meter høgd. Trappa vart først planlagt av fiskeriassistent Baade i 1866. Av fiskeriinspektøren sine årsmeldingar ser ein at det først var lokale interesser som forsøkte å få til ei trapp. Arbeidet vart først gjennomført då William T. Potts tok over og endra planane. Han kosta bygginga mot eksklusiv fiskerett i 25 år frå alle grunneigarane under og ovanfor Osfossen. Fiskerettseigarane under Osfossen hadde på si side gitt løyve til trappa på vilkår av at den ikkje skulle føre til tap for dei.

Trappene vidare oppover i elva vart bygde på slutten av 1800 åra. Det er trapper i Rekvikfossen, Alværfossen og Øvste Sandafossen.

Området under Osfossen vart etter kvart ein av landets beste fiskehølar, med store økonomiske interesser. Rettane på nordsida har sidan 1850 tilhøyrt same gard og familie, og har alltid vore rekna for å vere dei beste i vassdraget – og mellom dei beste i landet.

Mange kjende namn har fiska i Gaula. Mellom anna noregsvenen Sir Charles Thomas Stanford, som fiska i Gaula frå 1890 til 1928, unnateke krigsåra 1914-1918. I 1903 gav han ut boka "A River of Norway." Boka skildrar folket, naturen og fisket i elva.