Elveside
Fiskereglane vert endra!
JohanOspehaug
Thursday 11.July 2019 / 11:25
Frå kl 18.00 i dag den 11/7-19 vert det kun lovleg å fiske med flue, der fluelina utgjer kastevekta, i Nausta. Dette gjeld fram til innsiget bedrar seg og vi er trygg på at vi når gytebestandsmålet.
Regelendringane er gjort i samråd med Fylkesmannen i Vestland, etter sterke anbefalingar frå NINA og i trå med forhandsavtalte tiltak.
Nausta Elveigarlag vil på det sterkaste oppfordre fiskarane til å gjennutsette uskadd fisk.