Forskarar på besøk i elva
Sven Erik Gabrielsen (t.v) og Espen Olsen Espedal frå forskingsinstituttet Norce sjekkar Etneelva både over og under vatn. FOTO: IRENE MÆLAND HARALDSEN
Forvaltning/Arbeidsplan

Kartlegging av Etneelva med sideelvar

KurtBirgerHagen
Donnerstag 26.Dezember 2019 / 14:26

Etne Elveigarlag har fått hjelp frå Miljødirektoratet til å kartleggja Etneelvo med sideelver og bekkar.
 

Saka vart dekka i Grannar av Iren Mæland Haraldsen, Bilder og tekst er henta/delt av grannar. :)

 

Tilstanden til Etneelva, inklusive Nordelva, Sørelva, Fretteelva og sidebekker, blir i desse dagar grundig sjekka for å finna ut kva som kan gjerast for å betra forholda for fisken i vassdraget. 

Tilbakevending av laks og aure til elvevassdraget i Etne blir dårlegare år for år. For å finna ut kva som kan gjerast for å betra forholda for fisken i elva har Etne elveeigarlag sett i gang ei grundig kartlegging av tilstanden i elva. — Me vil prøva å gjera tiltak og betra gyteforhold og oppvekstvilkår for laks og aure, seier leiar i Etne elveeigarlag, Anders Aune. Gjennom ei kartlegging utført av forskingsinstituttet Norce vil elveeigarane få ein peikepinn på korleis det står til med mellom anna gytegroper, sidebekker, tersklar og avløp. — Det er eit omfattande arbeid som skal utførast, og når me har funne ut korleis det er kan me starta med aktuelle utbetringar og tiltak, seier Aune. Elveeigarlaget har fått 270.000 kroner frå Miljødirektoratet for å utføra kartlegging av elveløpa, og sist veke var seks fiskeforskarar frå miljøavdelinga i det statlege forskingsinstituttet på plass for å sjekka forholda i og ved elva både over og under vatn. — Me kartlegg gyte- og oppvekstforhold for fisk og ser på samansetning av elvebotnen, ser på gytegrus og målarleveområde for ungfisk ved å sjå på skjul og holrom. Me sjekkar også fysiske inngrep som mellom anna tersklar og vegetasjon. I tillegg ser me på bekkene, seier prosjektleiar Sven Erik Gabrielsen i Norce som etter at kartlegginga av vassdraget er ferdig, analyserer resultata, stiller diagnose og kjem med forslag til tiltak. Heile landet Forskingsinstituttet Norce, som er eit statsaksjeselskap beståande av universiteta i Oslo, Bergen, Stavanger og Agder, har rundt 60 vassdrag rundt omkring i landet på oppdragslista. I tillegg til kartlegging av levekåra til fisk, registrerer dei også forureining langs og i vassdraga. I Etnevassdraget har dei, som så mange andre stader, registrert ein god del plast som har funne vegen ut i elva. — Me ser mykje landbruksplast, seier Gabrielsen som også kikkar etter forureining frå bekker langs vassdraget når har er ute på oppdrag. — Bekker er utsett for forureining, seier han. Først når alle resultata er analyserte får forskarteamet ei fullverdig oversikt over tilstanden i vassdraget, men under den to dagar lange undersøkinga har det ikkje vore mangel på fisk i elva. — Det er gode gyteforhold for fisk i Etneelva, og me har sett masse fisk, seier prosjektleiar Gabrielsen.