Lit om det som skjer
Fello i Etne
Forskning/Merking

Litt om kva som skjer på fella

Orientering om aktivitetar våren 2018 til Etne elveeigarlag, 3. juli 2018.

KurtBirgerHagen
Montag 16.Juli 2018 / 02:23

Skrevet av Øystein Skaala og Per Tommy Fjeldheim

Havforskingsinstituttet vedtok i 2015 å vidareføra drifta av fiskefella i Etneelva som ei nasjonal feltplattform for detaljstudiar av rømt oppdrettslaks, villaks og sjøaure, etter at det 3- årige pilotprosjektet vart avslutta. Gjennom perioden 2013-2018 er det framskaffa mykje ny kunnskap om både rømt og vill laks og sjøaure, og plattforma leverer materiale og data til fleire nasjonale overvakingsprogram og rapportar. Samstundes blir rømlingane fjerna frå bestanden. Resultata er tilgjengelege på norsk og engelsk etter kvart som dei er klare. Arbeidet med å ta ut rømt fisk som del av den totale drifta i 2017 har vore støtta av Oppdrettsnæringens sammenslutning for utfisking av rømt oppdrettsfisk (OURO).

Aktiviteten blir vidareført i 2018. Det er fanga inn og merka smolt både av laks og aure. Desse er hovudsakleg merka med elektroniske PIT merke som kan avlesast med utvendig scanning. Føremålet med dette er å framskaffa meir presise data på sjøoverleving per smoltårsklasse, informasjon som forvaltinga etterspør. Infrastrukturen med oppvandringsfella gir unike høve til slike studiar. Ein del av den innfanga vart flytta oppatt og sett ut att ved klekkeriet. Føremålet med dette var å prøva å gjera eit estimat for total smoltproduksjon i Etneelva som ei vanleg merke-gjenfangsstudie.

Eit mindre tal laksesmolt (150 stk) er merka med akkustiske merke. Sidan det i 2018 er plassert ut eit stort tal lyttebøyer i store delar av Hardangerfjorden, vil desse akkustisk merka lakseungane visa oss kva ruter dei vel ut av fjorden og korleis vekslande straumtilhøve påverkar val av vandringsruter. Med oppvandringsfella på plass, har vi også hatt høve på ein enkel måte å fanga inn vinterstøingar av laks og sjøaure. Føremålet med dette er å undersøkja kondisjon og tilstand hos fisken etter ei strevsam gytetid og ein lang vinter i elva. Dette er problemstillingar som ein veit nokså lite om, og fella gir unike høve til også å undersøkja dette. Av dei innfanga støingane, vart 10 stk utstyrt med akkustiske merke. Desse vil fortelja oss kva rute dei føretrekk å symja ut av fjordsystemet.

I 2018 har det vore ein kald vinter og deretter ein uvanleg varm og tørr vår med låg vassføring og høg elvetemperatur. Slik det ser ut, har dette truleg påverka både smoltutvandringa og utvandringa av vinterstøingar både i Etneelva og i andre elvar. Vinterstøingane ser ut til å bli ståande lengre i djupare kulpar i påvente av auka vassføring. Dette er ein ekstra belastning etter ein strabasiøs vinter, og truleg medfører det noko auka dødeligheit. Erfaringsmessig vandrar vinterstøingane greitt ut over fella når vi legg ned eit par av flyteristene. I år har dei kome seinare og ein del har vore i tilsynelatande dårlegare form. Det er i år sluppe ut ca. 450 vinterstøinger over fella og særleg i siste del av utvandringa har det sett ut til at vandringsmotivasjonen er låg.

 

NB. Kommentar av Kurt, Etne Elveigarlag.
Dette er flott kommunikasjon, eit lite infobrev frå Per Tommy og Øystein.
Publisert av Kurt.